T4 - Kyrkjeboka mi

Velkomen til å få den flotte "Kyrkjeboka" på gudstenesta i di lokale kyrkje. Det blir utdeling av 4-årsbok til dei som er fødde i 2021. Etterpå blir det kyrkjekaffi og hobbyaktivitetar. Velkomen med heile familien!

Presten står framme i kyrkja saman med mange 4-åringar og nokre foreldre, ho lagar bevegelser til ein song

Kjære fireåring! Tenk at du fyller fire år dette året! Det er kanskje også fire år sidan du vart døypt. Det vil vi feire saman med deg i ei familiegudsteneste på T4-dagen. Då skal du få di eiga 4-årsbok med forteljingar om Jesus, fine teikningar, songar og bøner. Ta gjerne med deg familie og fadrar. Kom til den kyrkja som er nærast, eller som er «di».

T4 i Foldnes kyrkje og Landro kyrkje søndag 7. september

  • Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi og enkle hobbyaktivitetar.
  • Ta gjerne med heile familien! Dette blir veldig kjekt.
  • Ved særskilde behov, gje beskjed i god tid. Vi vil legge til rette for alle som vil komme.
  • Gudstenesta byrjar kl. 11. Vi vil gjerne at de kjem ca. 10.45, slik at vi kan få registrert 4-åringen.
  • T4-dagen er gratis.

Velkomen til ei fin gudsteneste!

Påmelding helst innan torsdag 4. september. Påmeldingsknappen finn du under.

T4 i Fjell kyrkje søndag 9. november

Alle fireåringar (fødde i 2021) som soknar til Fjell kyrkje, er velkomne til å bli med på både - utdeling av fireårsboka på gudstenesta søndag 9. november kl. 11 - nokre kjekke samlingar i kyrkja på ettermiddags-/kveldstid - få diplom/kursbevis på gudstenesta søndag 30. november kl 11. Påmelding kjem i oktober.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"