T11 - På sporet

Bli med på ein BRA laurdag i kyrkja, saman med andre sjetteklassingar, ungdomar frå kyrkjelyden og T-teamet!

T11 - På sporet

Vi vil treffe ulike personar som fortel si historie om kven Jesus var. Vi møter legen og forfattaren Lukas, fiskaren Peter, tollaren Sakkeus og Maria Magdalena, kvinna som fekk livet sitt snudd opp-ned i møte med Jesus.

Etter vandringa skal vi kose oss med herleg varmmat og snacks.

Praktisk info:

  • T11-dagen føregår i Landro kyrkje laurdag 27. september kl. 14.45-19.00.
  • Det er fint om føresette kan kome kl. 18.30 og delta på kveldsavslutninga.
  • Vi ønskjer å leggje til rette for alle funksjonsnivå. Ver venleg å gje melding om særskilte behov (til dømes allergiar, funksjonshemmingar eller anna vi bør kjenne til) ved påmelding.
  • T11-dagen kostar 70 kr. Betal på Vipps #824175, hugs å merke betalinga med T11 og namn på barnet. Betaling skal ikkje vere til hinder, ta eventuelt kontakt.

 

Påmelding helst innan måndag 22. september. Påmeldingsknappen finn du under.

  •  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"