Ledig 100% stilling som diakon
No er det ledig ei spennande stilling som diakon i Sunnfjord! Diakonen skal ha hovudverksemda si knytt opp til Gaular sokn, men og vere ein diakonal ressurs for dei andre sokna, i samarbeid med både frivillige og andre tilsette. I det diakonale arbeidet i Gaular har besøk til eldre og sjuke, oppfølging etter dødsfall, og elles tiltak som er med å styrkje fellesskapet for personar i ulike aldrar, vore dei viktigaste oppgåvene. Sunnfjordkyrkja har 40 tilsette, 34 av desse er tilsett i kyrkjeleg fellesråd medan Bjørgvin bispedøme har arbeidsgjevaransvar for 6 prestar. Hovudadministrasjonen til fellesrådet har kontor i Førde. Her blir du del av eit sosialt og fagleg fellesskap med ca. 15 tilsette, mellom anna prestar, diakon og kyrkjelydspedagogar. Er du sjølv diakon, er du velkomen til å ta kontakt om stillinga. Dersom du kjenner andre aktuelle; sprei ordet og tips folk om stillinga!
Les meir