Aktivitetsdag for små heltar!
Går du i fyrste til fjerde klasse?
For kyrkja er alle born små heltar og vi vil gjerne sjå dykk so ofte vi kan!
Har lyst til å vere med oss på ein gøy dag med aktivitetar i haustferien?
Då vil vi i kyrkja og ungdomskontakt i kommunen gjerne møte deg på Åram 7.oktober!
Vi startar klokka 0900 og avsluttar klokka 1530.
Vi vil då ha ein aktivitetsdag på Åram grendehus der vi skal, ha musikk, forming, uteleik og matlaging som faste aktivitetar. Der vert og pauser mellom øktene slik at ein kan leike litt fritt ilag, ute og inne.
Vi deler oss opp i grupper og so rullerer vi gjennom dagen, slik at alle får prøve litt av alt.
Matgruppene skal lage både lunsj og middag til oss som vi kan kose oss med ilag.
Vi har fått med oss presten, organisten, opplæringstilsette, stab og frivillige frå kyrkja og ungdomskontakt Kine frå kommunen.
Til foreldra: Vi skal ha rikeleg med vaksne til stades slik at det vert trygt å sette att borna om
morgonen og hente dei på ettermiddag.
Påmelding på mail: Vi har sett påmeldingsfrist til 1.oktober slik at vi kan sikte at vi har nok materiell og mat. Sjekk facebook «kyrkja» i Vanylven for meir info eller send påmelding til YL953@kyrkja.no so tek vi der derifrå.
Vi treng, Namn på deltakar, namn og tlf til ein føresett, allergiar eller anna vi må ta omsyn til, og so må vi ha løyve til å publisere deltakar med namn og bilete. (Eller viktigast :melding om der er tilhøver som gjer at dette ikkje skal puubliserast) Vi forsøker å ta gruppebileter med minst mogleg gjennkjenning, men tykkjer det er kjekt å kunne skryte litt om vi får lov!
Kyrkjelydsarbeidar Yngve Lillebø.