Søndag vert det høve til å prøve noko ganske nytt i Vanylven. Då inviterer dei to organistane i Vanylven og Sande, Robert Clark og Ines Vatne i lag med Sande kyrkjekor til Choral Evensong.
Robert Clark fortel at slike kveldsgudstenester har vorte svært populære i England.
– Det var ein vanleg del av arbeidslivet mitt då eg var anglikansk kyrkjemusikar, og alltid eit høgdepunkt fordi koret syng nesten heile liturgien. Det er fantastisk å få høve til å dele dette med folk i Vanylven, seier Clark.
Kantor i Sande, Ines Vatne, har nyleg vore i England i samband med bursdagsfeiring, og ein del av gåva var å oppleve Choral Evensong i St. Pauls Cathedral. Eg la dessutan merke til at fleire kyrkjer i Norge har begynt med dette, og det inspirerte meg til å prøve det som noko nytt med Sande kyrkjekor. Og då Robert spurde meg om vi kunne prøve det her, var det perfekt timing, seier Vatne.
Ines og Robert seier og at det har vore større frammøte i kyrkja på slike gudstenester andre stader.
– Det er ein måte for kyrkja å nå nye folk. Sjølv om talet på kyrkjegjengarar generelt går ned i begge land, aukar talet i England på dei som deltar i Evensong, fortel dei to.
– Robert meiner han har noko av forklaringa på dette...
– Både England og Norge er mange kulturelt kristne, men vi bur i sekulære tider. Fordi musikken er av høg kvalitet og liturgien krev svært lite frå kyrkjelyden, appellerer det til folk som ynskjer å komme til kyrkja på sine eigne premissar.
Ines Vatne er heilt einig i det.
– Vi må alltid finne nokre veger for å nå dei som kjem sjeldan til kyrkje, og i St Pauls fann eg at det var den perfekte måten for å kople av med å suge opp den fine musikken. Eg kan godt forstå korleis dei som ikkje er ivrige å kome til gudstenester likevel vert glade i Evensong.
Robert Clark meiner også at konseptet høver betre i Norge enn i England.
– I England er det nesten ein konsert, med mykje musikk som er frykteleg krevjande å syngje. Den norske tradisjonen passer mykje betre for at koret skal høyre fantastisk ut. Det er litt mindre prangande, meir roleg og sjølvtrygt. Norske kor har ikkje noko å bevisa bortsett frå gleda dei har i å syngje, så er eg heilt sikkert at musikken skal syngast på eit høgt nivå - det var ikkje alltid slik i England.
MUSIKALSK GUDSTENESTE: Ines Vatne vart etter å ha delteke på Choral Evensong i St. Pauls Cathedral inspirert til å prøve dette i Norge. Saman med Robert Clark søndag innbyr dei søndag til det som like mykje ein konsert som ei gudsteneste og der ein kan møte fram på eigne premissar for å lytte og kople av. Foto: Privat.