Komande helg vert det mykje kjekt som skjer i Vanylven kyrkje!
I gudstenesta 28.sept klokka 11 deler vi ut fireårsbok og feirar hausttakkefest, og etter gudstenesta skal vi ha undretur i kyrkja.
Der er sendt ut invitasjonar spesielt til dei som er fire og fem år, men alle born er ekstra velkomne til å delta i prosesjon denne gudstenesta. Ta gjene med litt frukt, grønt eller anna de vil vise at vi er takksame for- frå butikk eller hage er like bra! Vi tek med litt ekstra om nokon har gløymt eller ikkje fann noko nett no.
Undreturen er ei slags sporløype der vi får sett litt ekstra på kyrkja og alt det som er der.
Vi gler oss til å sjå dykk!
Kom gjerne litt før slik at vi får gjort oss klare til prosesjon.