Velkommen til Arna kyrkje

Hovedbilde for tema

I Arna kyrkjelyd har me ei rekkje ulike tilbod til born, ungdom og familiar. Sjekk ut kva me kan by på!

Gudsteneste:  Kvar søndag 11:00 samlast me til gudsteneste. Dette er kyrkjelyden sin hovudsamling der alle møtest på tvers av generasjonar. Gudstenestelivet i kyrkjelyden er særs variert, og samstundes kan du kjenne at ramma av ei gudsteneste. Besøk gjerne NRK for å sjå eit utval av gudstenestene våre, og korleis dei kan sjå ut.

Babysong: Dette er ein møteplass for deg som er heime med ein baby. Her blir det sang, rytme og bevegelsesleik tilpassa barna. Kaffi, te og kjeks/frukt etter sangstunda. Babysang passar for barn mellom ca.2 og 12 månader. 

Open barnehage:  Sakkeus open barnehage har ope kvar mandag kl. 9-15. Vi held til i Arna kyrkjelydshus, i store lokale med god plass til leik, formingsaktivitet og bevegelse. Innanfor opningstida kan du komme og gå som det passar deg og ditt barn.

Familiekor: Annankvar torsdag 16:30-17:30. Enkel servering 16.30-16.55. Song og leik frå 17:00 til ca. 17:35. Her kjem ein saman på tvers av generasjonar og syng og leikar saman. Frå førskulealder og til besteforeldre. 

Grautlaurdag: Siste laurdag i månaden frå 12:00 - 15:00 (KH). Koseleg møtestad for alle generasjonar. Aktivitetar for barn. Gratis. Drop-in. Kom og gå som det passar.

UngTru: UngTru er kyrkjelydens eige ungdomsarbeid - av, for og med ungdom. Her tar vi de unge og de unges tru på alvor. Det er plass til deg uansett om du trur eller ikkje, og du vel sjølv kva du vil vere med på.  Vi møtest annankvar laurdag. Annankvar gong er det møte i kyrkjerommet (UT:Møte) og vidare sosialt i kyrkjelydshuset, eller berre sosialt (UT:Kiosk). Ein tysdag i månaden møtest me til UT:Film, og annankvar onsdag møtest me til undervisning (UT:Akademiet). Du kan leggje oss til på snapchat for meir informasjon.



KRIK: KRIK står for KRisten IdrettsKontakt, og er ein ungdomsaktivtet som kombinerer idrett, aktivitet, fellesskap og trua på Jesus. KRIK har treningar kvar søndag 19-21 i Lonehallen. Ein KRIK-trening innebærer ulike aktivitetar, som innebandy, handball, basket og andre leiker. Det er også ein pause med ei lita andakt eller ord for dagen. KRIK passar best for dei som er frå ungdomsskulealder og oppover.


Kontakt