To-tre tiår sidan tenkte mange i kyrkja at menneskerettar er noko som er viktig «der ute i verda», men i dag er det eit større fokus på at eit menneskerettsfokus er viktig både her heime, og i det internasjonale engasjement vårt.
Migrasjon, internett og sosiale medium, auka internasjonal handel og sterkare fokus på internasjonalt samarbeid generelt, er berre nokre faktorar som gjer at det ikkje er så naturleg lengre å skilje mellom korleis kyrkja arbeider heime og ute.
Arbeid for menneskeverd
Kyrkja sitt menneskerettsarbeid famnar bredt. Nokre døme på tema vi fokuserer på er arbeid for styrka trus- og livssynsfridom; arbeid for rettferd for asylsøkjarar og flyktningar; støtte til urfolk og i kamp mot diskriminering basert på kjønn, seksuell legning eller funksjonshemming. Kyrkja har og eit sterkt engasjement på dei store utfordringane som klima, fattigdom og fredsarbeid.
På alle desse områda arbeider vi med ulike metodar, men oftast med eit lokalt, nasjonalt og eit internasjonalt engasjement. Når vi til dømes arbeider for rettar til asylsøkjarar i Norge samarbeider vi med norske organisasjonar med same engasjement, og vi kjem med konkrete innspel til endring til politikarar og forvaltningsorgan.
Mange lokale kyrkjer omkring i landet er «der det skjer» og opplev at asylpolitikk vert veldig levande i møte med lokalsamfunnet og engasjerer seg der. Men vi deltek og i internasjonale forum kvar andre meir strukturelle problem vert diskutert og adressert.