Temakveld med biskopen om bioteknologi og fosterdiagnostikk

Temakveld med biskopen 21. mars: Ei av dei fire guddomlege systrene omtala i Magnus Lagabøtes landslov har namnet Miskunn. I Kristenretten frå Moster i 1024 les vi at det ikkje lenger er lov å setje barn ut i skogen for å døy. I den andre temakvelden og verdisamtalen dette året er temaet bioteknologi og sorteringssamfunnet.

Har vi plass til det mest sårbare av alle liv i vårt samfunn?  Kva seier "Guds dotter Miskunn" oss i ei tid der bl.a. fosterdiagnostikk gjev oss nesten grenselause høve til å påverka liv? Ill: Utsnitt av maleriet "Guds fire døtre" av Anne Hesvik. Foto: Bo Mathys

Temakvelden finn stad i Bergen domkirke, 21. mars kl. 19.00.

Biskopen har to samtalepartnarar denne kvelden. Den eine er Geir Sverre Braut, professor ved Høgskulen på Vestlandet og seniorrådgjevar ved Stavanger Universitetssjukehus. Braut er medlem i bioteknologirådet og spesialist i samfunnsmedisin.  Den andre er Kari Elster Moen. Ho sit i inkluderingsutvalet i Bjørgvin bispedøme og er leiar i Bergen lokallag av Norsk Forbund for utviklingshemmede (NFU).

Kristenretten på Moster stadfesta vern om det svakaste livet der ein før hadde teke val for liv som skulle eller ikkje skulle få vekse opp. I vår tid set vi ikkje barn ut i skogen for å døy. Men vi har både midlar og makt til å gjere val for det mest sårbare liv. Bioteknologilova frå 2020 gjev tilbod om tidleg ultralyd til alle gravide, og tillet fostervatndiagnostikk med blodprøve av mor, den såkalla NIPT-testen. Særleg det siste endrar tilhøvet mellom sjølvbestemming og prinsippet om eit samfunn med plass til alle.

Biskopane i Den norske kyrkja har uttrykt bekymring for at lovendringa frå 2020 kan føre til eit mindre mangfaldig samfunn, der levedyktige foster med ulike tilstandar vert valde bort på grunn av sine eigenskapar. Kva for fylgje kan ein slik praksis få for menneskeverdet?  Korleis skal vi, når så mykje er mogeleg, forstå verdien av mangfald, rikdom, det svake og det sårbare? 

Har vi plass til det mest sårbare av alle liv i vårt samfunn?  Korleis forstår vi verdien miskunn i dette perspektivet?

Inngang: 100,- kr. Vipps: 90786  

Mange temakveldar å gle seg til

Det blir fleire temakveldar i Bergen domkirke i "Verdiåret 2024" der jubilea for Kristenretten 1000 år og Magnus Lagabøtes landslov 750 år ligg under som premissleverandør. 

25. april kl. 19.00  Guds fire døtre i kunsten
Gjest: Professor emeritus Gunnar Danbolt

19. september kl. 18.00  Om tru
Gjest: Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
Guds fire døtre - lesing og musikk
v/Den Nationale Scene og Kykjekultur Vest A/S

31. oktober kl. 19.00  Rett og rettferd
Gjest: Professor Paul Otto Brunstad

21. november kl. 19.00    Fred - Cross of Nails
Gjest: Lagmann, dr. juris Hanne Sophie Greve

Temakveldane er ein del av Landslovjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom:

Logorekke landslovsjubileet i Vestland som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bymuseet, Høgskulen på Vestlandet, Bjørgvin bispedøme, Moster 2024, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune.

 Temakveldane er i tillegg støtta økonomisk av Bergens Riksmålsforening.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"