Geiranger kyrkje

Geiranger kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1842 og er bygd i treverk (tømmer).

Geiranger kyrkje

Midt i hjartet av Geiranger ligg kyrkja

Geiranger kyrkje er ei 8 kanta kyrkje bygd i år 1842. Den er av tømmer med 120 sitjeplassar. Arkitekt var Hans Klipe.

Ein reknar med at det har vore kyrkje i Geiranger frå omkring år 1450. Ho er fyrste gong nemd i Trondheims reformat frå år 1589. Dette var ikkje ei rein stavkyrkje, påbygd kor og våpenhus. Ho vart riven i år 1742. Og ny krosskyrkje vart bygd i år 1744. Denne krosskyrkja var rosemala innvendig.

I år 1841 Brann kyrkja ned til grunnen og sorga i bygda var stor. Noverande Kyrkje stod ferdig allereie i år 1842. Altså året etter brannen. Dette fortel noko om kor viktig kyrkja var innerst i fjorden. Frå fjellgardane kom dei roande inn fjorden med sine kjære ved vigsel, dåp og gravferd og ved andre høve i kyrkja. Og folket ellers i bygda likeså.

Einar Flydal lokal treskjerar har utsmykka kyrkja, etter framlegg fra kunstner Per Vigeland.  Arbeidet vart gjort i tida 1938-1945. Utsmykkinga omfattar Altertavle, Antemesale, Preikestol, Korgitter og nummertavle. Treskruden vart måla av Lars Tynes frå Sykkulven, Karl Gjere og Nils Bjørdal, begge frå Geiranger. Alterbilete er måla av konservator Harald Brun ved Nasjonalgalleriet i år 1902.Motivet heiter Kristus Trøystaren.

IMG_6949.JPG

Kyrkjeklokka er fra år 1899.

Noverande orgelkomite kom på plass i år 2017. Det vart danna ei orgelkomite. Mange har bidrege med pengegåver og dugnadsinnsats, som f.eks. ved fleire "innsamlings-konsertar". Det vart lagt ned ei enorm frivillig insats for å få på plass et nytt orgel. Ein av Europas fremste konsertorganistar, Kåre Nordstoga, Held konsert i Geiranger då dagen vart kome for vigslinga av det nye orgelet.

I 2017 hadde Geiranger kyrkje 175 års jubileum. Geiranger kyrkje er ei svært ofte besøkt kyrkje.Folk frå alle verdens hjørner vitjar Geiranger kyrkje. I fleire år har det vore sommer-ope kyrkje her. Noko som er svært hyggeleg, men kan også by på utfordringar. Slik som ein gong Svein Runde, som prest, måtte vere snarrådig. Kyrkja stod i bryllupsskrud, men nøkkel til hoved døra var stolen og døra låst. Snartenkt som han var ba han først alle gjestane lukke augane, slik at han kunne geleide brura gjennom sakristiet utan at verken brudgom eller dei andre såg brura i den vakre brudekjolen.

EI anna historie er fra hausten 1998, då eg sjølv stod brud. Dåverande organist Klempe hadde marsjen klar, men i det eg steig ut av bilen med hjelp av sjåfør Karl Mjelva oppdaga Klempe at eg var kronebrud, då passa ikkje den marsen eg hadde tenkt summa han for seg sjølv. Vi hadde altså glømd å fortelje at eg var kronebrud i bunad med krone frå Knutgarden fra Maråk.Klempe bytta brudemars på sekundet og då vi skrida inn sang brudemars frå Galleriet. Den er eg naturlig blitt svært glad i og har hatt glede av å syngje den i kyrkja oftest saman med Jårongskoret. 

Vi i Geiranger soknerård ynskjer at Geiranger kyrkje fortsatt skal være ei åpa og inkluderande kyrkje.

Soknerådsleiar Anette Møll

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"