Liabygda kyrkje

Liabygda kyrkje er ei langkyrje frå 1917 og er bygd i treverk (tømmer).

Liabygda kyrkje

Kyrkja i Liabygda er den yngste og den minste i fellesrådsområdet vårt. Eigentleg er det nesten utruleg at ei bygd med om lag 220 innbyggjarar skulle legge i veg og byggje si eiga kyrkje, men bakgrunnen var nok den slitsame vegen til kyrkja på Stranda. I godt vêr var det fint å ro dit, men i ruskevêr, eller vinters dag når dei først kanskje laut va fleire kilometer i djup snø og så ro til Sløgstad for å ta del i gudstenesta, og etterpå ta fatt på same vegen heim att, var det nok titt slitsamt, og stundom farleg.

I 1905 hadde Peter J. Lied og andre eldsjeler bygt eit bedehus på Li, og då det vart vigsla i jula i 1907, heldt ein teologistudent frå bygda, Lars Lied, ein tale der han mellom anna ytra ynsket om at huset etter kvart måtte vekse ”utad til kor og alter, og oppad til taarn og spir.” Dette var kanskje tankar fleire hadde gjort seg, og i 1911 vart det halde eit folkemøte, som valde ein kapellkomite til å arbeide med saka, økonomisk, politisk og på andre måtar. Året etter søkte ein Kyrkjedepartementet om løyve til å byggje eit kapell i Liabygda, og i 1914 vart søknaden innvilga.

Eigarane av bedehuset gav så dette til bygda, det vart rive, og timberet er brukt i kyrkja. Så vart det samla inn pengar, både i bygda og andre stader, også mellom norskætta i Amerika. Tomt vart gitt gratis, og folk skreiv seg på dugnadslister for så og så mange dagsverk, med eller utan hest, og for material, t.d. så og så mange bord eller plankar i dimensjonar som trongst. Og som undergaranti for dei økonomiske pliktene kommunen tok på seg, sette bøndene i bygda gardane sine i pant. Dette stod ved lag til 1942.

Kapellet vart for det meste bygt for midlar liabygdarane sjølve skaffa, men ein fekk også ein del tilskot utanfrå. Opplysningsvesenets fond ytte ein del, like eins Strandens Kirkefond og Stranda Sparebank.

Arkitekt Henry Bucher teikna kyrkja, og byggmeister Tore Overå tok på seg å byggje henne til ein svært rimeleg pris.

Mange gjorde ein stor innsats i arbeidet med kapellet, og mykje av inventaret og utsmykkinga er gåver. Det er likevel naturleg å nemne Lars Lied spesielt. Han var utdanna cand. theol., arbeidde som kaptein i infanteriet, og var også reiseførar for Bennet i Sør-Europa og Midt-Austen. På desse reisene kjøpte han mange fine ting som han gav til utsmykking av kapellet i heimbygda, m.a. fleire lysekroner og lykter, eit krusifiks, og det vakre filigransspennet på den raude messehakelen. Dessutan var Lars svært hendig, og har sjølv både laga alteret og skore ut korbogen.

Ein annan mann som det er naturleg å nemne, er Knut Lied, som var kyrkjetenar i 25 år utan å ta imot eit øre i lønn. I tillegg til ringinga bestod arbeidet m.a. i å moke snø og fyre med ved i tre omnar når det trongst.

Kapellet vart vigsla i 1917, og det var fest og stor glede i bygda. Kyrkjelyden i Stordalen hadde gått med på å gi oss to gudstenester av sin kvote, og den på Stranda tre, så vi hadde til å begynne med fem faste gudstenester for året. I dag har vi 16.

I 1918 var kyrkjegarden ferdig. Seinare er han blitt utvida to gonger.

Første orgelet i kyrkja var eit harmonium, der ein også måtte ha ein ”belgetredar”. Dette vart i 1962 erstatta av eit pipeorgel på åtte stemmer frå Vestre orgelfabrikk på Haramsøya.

Kyrkja vart utvida i 1990, slik at ein fekk toalett og vaskerom, og ein betre oppgang til tårnet. Samstundes vart våpenhuset rømslegare.

Folket i bygda er glad i kyrkja si og føler stadig eit sterkt eigarskap til henne. Og vi har god grunn til å vere takksame overfor formødrene og forfedrane våre som tok på seg den store oppgåva for vel 100 år sidan.

Kjelde:

Jens Lied og Sakarias Ansok: Liabygda kapell frå 1917 til 1967. Utgjeve av Liabygda sokneråd 1967.

Ola Lied

 

 

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"