Norddal kyrkje

Norddal kyrkje også kalla Dale kyrkje er ei åttekantkyrkje i Dalsbygda. Kyrkja vart bygd i 1782 og innvigd 25.juli 1784. Det var den fyrste åttekantkyrkja på Sunnmøre.

Norddal kyrkje

Kyrkja i Norddalen, eller Dalsbygda, som mange meiner er namnet, vert i gamle kjelder kalla Dale kyrkje. Denne kyrkja er bygd i 1782, og er ei av dei eldste 8-kanta kyrkjene i landet. Berre to er eldre.

Før 1782 sto det ei stavkyrkje der kyrkja står i dag. Ifølge bygdeboka for Norddal vart denne stavkyrkja flytta frå Sylte mellom 1610 og 1625. Dette er det usemje om, av di det ikkje er informasjon om at det har stått ei stavkyrkje på Sylte. Då den vart rive i 1782, var ho i svært dårleg forfatning, og både altarskap og preikestol og ei lysekrone av jarn laga i 1654, vart teke vare på og sett inn i den nye kyrkja. Hans Strøm skriv omkring 1750 av denne stavkyrkja var «vent måla», trulig på same måte som Rosekykja i Stordal. 

Grunnsteinen for den nye kyrkja vart lagt den 6.mai 1782, og bygginga vart sett i gang. Ole Larsen Døving og ein til vart sent til Trøndelag, og i nærleiken av Trondheim fann dei ei kyrkje som dei likte godt. Ole Larsen teikna eit grunnriss av denne kyrkja, og denne teikinga vart mønsteret for Dale kyrkje. Arbeidet med kyrkja vart utført av lokale tømmermenn som hadde god kunnskap om lafting. Men 8-kanta lafting var ei utfordring som det ikkje fantes mykje kunnskap om.  Eit anna problem som dei måtte finne ut av, var korleis dei skulle konstruere tårnet og fundamentet for det.

Ifølge bygdeboka var det Joen Pedersen Veiberg som var den mest teikneføre og innsiktsfulle av karane. Han stengde seg inne på budaloftet i tre dagar, og då han kom ut att hadde han teikningane klare. Alle var einige om at slik måtte det gjerast. I 1922 var det ein arkitekt inne og såg på konstruksjonen. Han slo fast at ein moderne spesialist kunne ikkje gjort det betre. Tårnet er høgt og slankt, og mange meiner at det er det høgste kyrkjetårnet på Sunnmøre.

Kyrkja vart innvigd i 1784.  I opphavet hadde kyrkja to inngangar til våpenhuset, ein mot sør og ein mot nord. Då vegen til Gullsmedgarden kom utanfor kyrkjemuren på 1890-talet, vart ny inngang laga mot vest, og inngangsdøra mot syd vart bygd igjen. Den mot nord var bygd igjen tidligare. 

Dale kyrkje er annerleis enn andre kyrkjer i den forstand at ho ikkje ligg med altaret mot aust. Den avviker omtrent 30 grader mot sør-aust. Dette vart gjort for at kyrkja skulle vere i harmoni med landskapet.

Altartavla: Altarskapet med bilete er laga i Tyskland mellom 1510 og 1525. Korleis den kom til Norddal er ikkje heilt sikkert, men den sto i den gamle stavkyrkja frå ca 1610. Ramma  vart laga seinare, kanskje då den vart montert i stavkyrkja på 1600-talet. I 2018 vart altartavla demontert og frakta til Oslo. Her sto folk frå riksantikvaren for restaurering og opp-pussing av dette som må vere den mest verdifulle og vakre kunstskatten i vårt område.

I dag står den fram i særdeles vakker drakt, og den er på mange måter ei påskepreike i seg sjølv, som minner oss om Jesus sin død på korset, for både Olav den Heilage, som er avbilda til høgre på tavla, og oss andre.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"