Stordal kyrkje

Stordal kyrkje er ei langkyrkje frå 1907.

Stordal kyrkje

Fram til den vart riven i 1788 stod det ei stavkyrkje der Rosekyrkja i dag står. Stavkyrkja var nemnd i Erkebiskop Aslak Bolt si jordebok i 1432, og i boka Søndmørs Beskrivelse av Hans Strøm i 1762. Den dansk-norske kongen selde stavkyrkja på auksjon i Bergen til Jetmund Erichsen Stordalsholm i 1724, og bøndene i Stordal kjøpte den så i 1774. 

I 1759 vart Stranda-Stordal prestegjeld skild frå Ørskog prestegjeld. Ebbe Carsten Tønder var den første presten i det nye prestegjeldet, og det var nok han som fekk bøndene i Stordal med på å rive den gamle stavkyrkja, som var gammal og til nedfalls. Det var også han som planla og teikna det som no er gamlekyrkja i Stordal, kjend som Rosekyrkja. Rosekyrkja vart bygd i 1789 og er som Norddal kyrkje ei åttekanta kyrkje. I kyrkja finn ein material og anna som kjem frå den gamle stavkyrkja, mellom anna krusifikset og døypefonten som stammar frå 1200- eller 1300-talet. I 1799 vart kyrkja dekorert innvendig av Webjørn Olsen Hammersbøen og Anders Reinholdt, derav namnet Rosekyrkja.

Fortidsminneforeningen kjøpte Rosekyrkja i 1908 for 2000 kroner. Dette var den første bevaringssaka på Sunnmøre, og Rosekyrkja er open for turistar og andre om sommaren og kan leigast til bryllup og dåp. Den vert også nytta til gudstenester på 17. mai og olsok, og til konsertar.

Mot slutten av 1800-talet vart det meir og meir klart at gamlekyrkja ikkje lenger heldt mål. Ho var for lita, ho var utan omn, og det mangla også sakristi for prest og dåpsborn. Det vart etter ein del usemje rundt plassering av ny kyrkje bestemt å sette den opp nærare fjorden og på ein meir synleg stad, og gamlekyrkja vart seld til Fortidsminneforeninga.

Den nye kyrkja vart teikna av arkitekt Jens Z. M. Kielland og byggjeleiar var Peder Selvik frå Ålesund. Stein til grunnmuren vart teke ut på Vinje, og ein del vart henta med båt frå andre sida av fjorden. Trevirket kom for det meste frå trøndelag. Kyrkja vart innvigd i 1907, og sokneprest i Stranda og Stordal då var Peder S. Ringdal. Altertavla er måla av ein omreisande målar som heitte Oscar Sivertsen, og ramma og alterpartiet er laga av Olaus Moe.

Til 100-årsjubileet i 2007 skreiv prost Øystein Kjølberg: « Til lukke med hundreårsjubileet for Stordal kyrkje. Nystelt står ho finare enn nokon gong for saman med bedehuset like ved å gi rom til heimen undervegs. Det er mi von at folk i alle aldrar må kjenne seg heime og trivast. Kanskje kan trivselen til og med vekse.» Ordførar Charles Tøsse skreiv: «I Stordal kommune er vi så heldige at vi har to praktfulle kyrkjebygg – Rosekyrkja frå 1789 og Stordal kyrkje frå 1907. Kyrkjebygget er møtestad i alle livets delar – ein felles arena – der vi møtest i glede og i sorg.»

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"