Sylte kyrkje

Sylte kyrkje er ei kyrkje frå 1863 på strandstaden Sylte i Valldal. Dette er ei av to kyrkjer i Norddal kommune sokn, den andre er Norddal kyrkje. Sylte er ein gamal kyrkjestad det har vore ei tidlegare kyrkje på noverande tomt og minst ei kyrkje før det igjen ein stad på Syltebøen.

Sylte kyrkje

Snorre skriv i soga om Olav den heilage si flukt frå fiendane sine i 1029, at han sette skipa sine i land på Sylte og at han «sette opp landtelta sine på øyra der det heiter Sult, der det var nokre fine vollar, og han reiste ein kross der på øyra tett ved.» Snorre skreiv omkring 1225, og han nemner ingen ting om at det vart reist ei kyrkje på denne staden. 

Det første gudshuset på nordsida av Norddalsfjorden var nok Døving kapell. Mykje tyder på at bøndene sjølv hadde bygd dette gudshuset midt på 1200-talet. Døving kapell sto på garden Døving, og var ganske stor: I 1686 vart den rekna å vere ca 120 m2. Men det var ikkje meir enn 3-4 gudstenester pr år i denne kyrkja.

På byrjinga av 1800-talet var det fleire grunner til at ein måtte flytte kapellet på Døving til Sylte. Vinteren 1812 vart kyrkja teke ned, og på snøføre frakta til Sylte. Den vart sett opp på Sylte same året. I dag står det ein bauta på Døving der kapellet sto.

Kraftig auke i befolkninga gjorde at dette gamle kapellet vart for lite, og berre folk frå Valldal kunne verte tillate adgang til kyrkja når det var gudsteneste.

I 1862 vart det gitt byggeløyve for ny kyrkje, og denne vart reist på same staden som det gamle kapellet sto. Den nye kyrkja vart bygd som ei langkyrkje med plass for 600. Arkitekten hadde teikna den mindre, med plass til 340, men valldalingane auka måla og bygde den større. Tømmeret til kyrkja vart hogd i Fjørå. Byggmeister var Gjert Lien frå Nordfjord, og han har bygd fleire kyrkjer i vårt område. Den lokale befolkninga la ned mykje arbeid i dugnad, og det er ikkje for mykje å seie at kyrkja vart bygd av folket i bygda. 

Altartavla er måla av Peder C. Thurmann. Den er gitt av Rasmus R. Sylte. Thurmann var svoger til Norddalspresten Nils Astrup. Ingen ting av inventaret frå Døving kapell vart brukt i den nye kyrkja. Preikestolen vart antakeleg seld, og står i dag på Vestlandske kunstindustrimuseum.

Eit unntak må nemnast: Det gamle altarbordet i stein i Døving kapell vart ikkje teke vare på då kapellet vart flytta til Sylte i 1812. Det vart brukt som trappehelle! Ved 100-årsjubileet i 1963, vart denne altarbordplata teke inn i kyrkja, og står i dag som sidealter til venstre for kortrappa.

Hans Strøm skreiv om dette bordet i 1760: «et eldgammalt Alter Bord, beståande av en hel Steen, hvori sees et firkantet Hul med stenlag over.»  Hole i bordet er frå katolsk tid, og var et rom for oppbevaring av nattverdoblater. 

Til 150-årsjubileet i 2013 skreiv biskop Ingeborg Midttømme: «Verdien av ei kyrkje kan ikkje målast. Ho gjev oss røter og identitet.» Og ordførar Bjørn Inge Ruset skreiv i same høve: «Sylte kyrkje har vore – og er i dag – eit praktbygg for vår gudstru der vi alle kan møtast både i glede og stundom i sorg.»

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Storfjorden kyrkjelege fellesråd

Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda

      Opningstider:

Tysdag - Torsdag
    09.00-15.00

Telefon: 40441522

Epost: post.storfjorden@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"