Føresegner for gravplasser

Føresegner for gravplasser

FØRESEGNER
FOR GRAVPLASSANE I 
BREMANGER KOMMUNE


Jf lov av 7. juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (Gravferdslova) § 21. Endra av Bremanger kyrkjelege fellesråd 19.06.2019. Godkjent av Bjørgvin bispedømeråd 11.11.2019.
Gjeldande frå 05.06.2020


§ 1 FORVALTNING
Gravplassane i Bremanger kommune er underlagt Bremanger kyrkjelege fellesråd sitt administrasjons- og forvaltningsområde.
§ 2 DEFINISJONAR
Gravplassforvaltning: Bremanger kyrkjelege fellesråd under utøving av forvaltningsansvaret for gravplassane i Bremanger kommune, jf gravferdslova (GL) med forskrifter.
Fri grav: Grav som gravplassforvaltninga har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida.
Festa grav: Grav som blir festa mot betaling av festeavgift.
Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman.
Kistegrav: Grav som stettar forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister, jf. Gravferdsforskrifta (GF) § 13. I ei kistegrav kan det også settast ned urner.
Urnegrav: Grav til askeurne, jf. GF § 14. På gravplassane i Bremanger er der per dato ikkje særskilte urnegraver, men urner vert sett ned i kistegraver.
Fredningstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging.
Festetid: Tida som er avtalt til å feste ei grav.
Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav.
Festar: Den som står som part i ein festeavtale, jf. GL §§ 14 og 15.
§ 3 FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE
Besøkande skal om mogleg ferdast gåande, jf. GF § 9. Gravplassforvaltninga kan etter søknad gi løyve til å køyre ved dokumentert sjukdom/rørslehemming. All køyring skal skje særleg omsynsfullt.
§ 4 TILHØYRING TIL GRAVPLASSANE
Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast på den gravplassen i kommunen ein ønskjer. Dei har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.
Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir rekna på same vis som kommunen sine eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist.
Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt på gravplassane mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt.
§ 5 FREDNINGSTID
Fredningstid for kistegraver er 30 år. For kistegraver som vert brukt til urner er fredningstid 20 år. Gravplassforvaltninga kan vedta lengre fredningstid for einskilde graver.
§ 6 FESTE AV GRAV
Når ei kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sidan av, og etter søknad til gravplassforvaltninga om ei ekstra grav i tillegg i særskilte høve. Desse gravene utgjer då ein gravstad i festeperioden.
Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som blir teken i bruk er festetida 30 år i første periode.
Når festetida er ute, kan gravstaden bli festa for nye 10 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg samtykkje frå gravplassforvaltninga.
I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla så framt denne er kjent for gravplassforvaltninga. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen, jf. GL § 18.
Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsreglar eller det ligg føre særlege grunnar.
Festa grav kan ikkje nyttast utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av festa grav, kan gravplassforvaltninga ta avgjersle om bruk av grava.
Festar pliktar å melde adresseendring. Overføring av feste skjer i samsvar med GL § 16.
§ 7 GRAV OG GRAVMINNE
Ved gravferder er det tillate å gå over eller stå på omkringliggjande graver i det omfang som er naudsynt. Ved opning av grav kan jord bli lagt på tilstøytande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassforvaltninga sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir planert og tilsådd etter gravlegging. 
Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassforvaltninga har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp tidlegare enn 6 månader etter gravlegging av kiste. Gravminne på grav med urne kan settast opp med ein gong etter urnenedsetting.
På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast sentrert i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og blir sentrert på gravstaden etter neste gravlegging.
§ 8 PLANTEFELT
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går ut over plantefeltet. Det er ikkje høve til å bruke dekorgjenstandar som blomsterurner, lykter mv i plantefeltet som fast utsmykking. Det er høve til å tenne stearinlys og oljelampe på grava, så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern. Stearinlys, oljelampar og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk.
Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman. Vedlikehaldsarbeidarar har ikkje ansvar for skade på innrammingar som er over terrenget. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.
Det er ikkje høve til å ramme inn grav eller gravstad med hekk eller dødt materiale.
§ 9 PLANTEMATERIALE
Plantar, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal vere fullt ut komposterbare. 

 


§ 10 STELL AV GRAV
Kvar ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvar for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av gravplassforvaltninga.
Gravminnet er gravansvarleg eller festar sin eigedom og sitt ansvar. Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand.
Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjeleg fellesråd og den som får løyve til det etter § 12 (sjå under), kan utføre planting og stell av grav. Ei slik avtale fritek ikkje ansvaleg eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld.
§ 11 BÅREROM
Bårerom blir disponert av kyrkjeleg fellesråd. Ingen har tilgang utan løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som sørger for gravferda (jf. GL § 9), og vedkjem ikkje dei tilsette.
§ 12 NÆRINGSVERKSEMD
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå gravplassforvaltninga. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld.
Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og tilplanting og stell av graver. Avfall ut over blomsteravfall må fjernast av den som driv slik verksemd.
§ 13 ARBEID PÅ GRAVPLASSANE
Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida og må ikkje utførast på søndagar, helgedagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt.
§ 14 DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE
Gravplassforvaltninga kan i særlege høve og innanfor ramma av gravferdslova og gjeldande forskrifter gjere vedtak om unntak frå paragrafar i desse vedtektene. I denne omgang vil det gjelde for § 13, med omsyn til arbeidstida, men ikkje lenger enn til kl. 20.00.

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"