Søndagstanker 15.november 20

Søndagstanker 15.nov

TEKSTANE I KYRKJA SØNDAG 15.11.20.

«Det er Anden som gjer levande; kjøt og blod kan ingen ting gjera. Dei orda eg har tala til dykk, er ånd og liv. Men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå første stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. Og han la til: «Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det blir gjeve han av min Far.» Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.» Johannes 6.63-69:

Jesus gjorde under og  folkemengder flokka seg om han. Men det Jesus sa, var slik at mange fekk problem. han sa m.a.: Ingen kan koma til meg, utan at det blir gjeve av Far min. Eller: Dersom de ikkje et kroppen til menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk(v.53).  Ingen  forstod kva Jesu sa , dei kjende seg framande for denne mannen. Til sist stod Jesus att, mest heilt åleine, med bare dei tolv læresveinane.

Kvifor gjekk ikkje og dei 12 læresveninane sin veg?

Det var sikkert nokon av dei som gjekk bort, som sidan kom tilbake til Jesus.

Det er mange grunnar i dag til at menneske trekkjer seg vekk frå kristentrua.

Det er naturleg å villa ha  kontroll over livet. Gud kan vente, til den dag då eg måtte få bruk for han. Vi vil ikkje vite kor skjørt livet er, og at vi er Guds eigedom og verdifulle augnestein. 

Dersom bare Gud kan gje og skape tru, kvifor gjev då ikkje Gud tru til alle han har skapt?  Korleis stemmer dette med at Gud vil at alle menneske skal kome til han. At han har skapt alle menneske for at dei skal tilhøyre han.  Men alle menneskje er frie til å gå sin veg bort frå Gud. Jesus skaper strid alle stader, slik var det då fyrst han kom, og endå meir no i dag når menneske blir forfylgde for hans skuld i slik ei mengd som det aldri har skjedd før-.  Guds motstandar viser sin vilje og si makt. I Norge har i dag den oppveksande generasjonen lite kunnskap og kjennskap i Guds Ord. Og denne utviklinga aukar på

Leseteksten frå Salme 126 komande søndag er ord om gleda Israelsfolket fekk då Gud greip inn. Dom hadde knust land og folk og bare ein liten rest av folket var att som krigsfangar i fjerne Babylon.

Men Gud gjorde det umogelege og førde resten heim att.. Gud kunne;  og kan;  også i dag.

Ein song til festreisene.
        
          Då Herren vende Sions lagnad,
          var det som ein draum for oss.
          
    2 Då fyltest vår munn med lått,
          vår tunge med jubel.
          Då sa dei mellom folka:
          «Stort er det som Herren har gjort mot dei.»
          
    3 Ja, stort er det som Herren gjorde mot oss,
          og vi vart glade.
          
    4 Herre, vend vår lagnad
          som bekkene i Negev!
          
    5 Dei som sår med tårer,
          skal hausta med jubel.
          
    6 Gråtande går dei ut og ber sitt såkorn,
          med jubel kjem dei tilbake og ber sine kornband.

Eit vers i leseteksten komande søndag , Filipperbrevet 1,6,  om kor trygge vi kan vere som kjenner Gud:  

Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"