Dagens bibelord

Johannes 15,1–8

Dagens bibelord 29.04.2024

Johannes 15,1–8

1  Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. 2  Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3  De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4  Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. 5  Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6  Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. 7  Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. 8  For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.

Kilde: www.bibel.no