Gudsteneste

Gudstenestelivet i Os kyrkjelyd

Gudstenestelivet i Os kyrkjelyd

Gudstenesta er kyrkjelydens hovudsamling, der alle generasjonar møtest til fellesskap rundt Guds ord og Guds bord. Vi samlast for Guds andlet, saman til bøn og tilbeding. Gudsteneste er feiring, fellesskap og framfor alt eit møte med Jesus.

I Os kyrkjelyd feirar vi gudsteneste med ulike uttrykk som og speglar mangfaldet av menneska i kyrkjelyden. Håpet er at alle vil finna eit uttrykk som passar dei, men og at vi deltek i alle dei ulike gudstenesteutrykka våre uansett kva lags uttrykk vi kjenner oss mest heime i.

Som hovudregel er det gudsteneste kvar søn- og heilagdag i Os kyrkje, og annankvar søndag i Nore Neset kyrkje. Vi har og to årlege gudstenester i Lyse Kloster kapell, friluftsgudstenester og gudstenester i samarbeid med Søfteland bedehus i løpet av året.

Os kyrkjelyd har tre typar hovudgudsteneste med start kl. 11 søndag føremiddag:

Høgmesse

Høgmessa er den tradisjonelle gudstenesta med fast liturgi, salmesong og bøner. I høgmessa har vi ofte dåp, og alltid nattverd. Det er høgmesse to søndagar i månaden i Os kyrkje og ein søndag i månaden i Nore Neset kyrkje

Familiegudsteneste:

Familiegudstenesta er særleg lagt opp for born, og er litt kortare enn dei andre gudstenestetypane. Både musikk, bøner og forkynning vil vere særleg retta mot dei yngste i kyrkjelyden, og born er medverkande i gudstenesta. Familiegudstenestene skjer gjerne i kombinasjon med trusopplæringstiltak som utdeling av 4-årsbok eller tårnagenthelg. Det er ofte dåp, og av og til nattverd på familiegudstenestene. Det er familiegudsteneste ein søndag i månaden i kvar av kyrkjene våre.

Bandgudsteneste:

Om lag ein søndag i månaden feirar vi bandgudsteneste i Os kyrkje. Denne gudstenesta er litt friare i forma enn dei andre gudstenestene våre, og har litt annan liturgi. Songen og musikken er ved frivillige band med noko ulik besetning og forsongarar frå gong til gong. Vi brukar både lovsongar av nyare dato og velkjende salmar. Under bandgudstenestene er det eigen samling for borna i Tunet. Det er sjeldan dåp, og alltid nattverd på bandgudstenestene.

Dåpsgudsteneste:

I tillegg til dei tre typane hovudgudsteneste har vi ein søndag i månaden ei kortare dåpsgudsteneste i Os kyrkje kl. 10, som er særskild tilpassa dåp. Dåpsgudstenesta er lagt til søndagar med høgmesse. Dette er ei komplett gudsteneste, men det er ikkje nattverd, og det er eit kortare program for å kunne invitera fleire born til dåp.

Gudstenestene blir annonsert i lokalavisa, på nettsidene våre og facebook. Velkomen til kyrkje

 

 

Gudsteneste oversit

Browseren din har feilaktig blitt gjenskjent som en bot utifra User-agent verdien = Mozilla/5.0 AppleWebKit/537.36 (KHTML, like Gecko; compatible; ClaudeBot/1.0; +claudebot@anthropic.com) . Vi hadde satt stor pris på om du kunne sende denne feilmeldingen til: skjeri@kirken.no slik at vi får fikset dette for deg og alle andre med samme browser

Kontakt