Mellombels parkeringsplass for Førde kyrkje og kyrkjetunet
Frå måndag 28. september vert heile parkeringsplassen ved Førde kyrkjetun avstengt grunna arbeid med graving. Arbeidet vil pågå eit par månader og er eit forprosjekt til Førdepakken sitt arbeid med Kyrkjevegen (som kjem på eit seinare tidspunkt). Som ei erstatning for parkeringsplass, er det laga til parkering i Kyrkjevegen forbi kyrkjetunet - vis a vis den gamle prestegarden. Det vil vere "grinda inn" ei passasje for gåande, syklande og trillande frå Kyrkjevegen og til inngangsdør på kyrkjetunet heile perioden.
Les meir












