Dette er deg:
- Du har erfaring med personalleiing og trivst med både planmessig oppfølging og raske avklaringar.
- Du tilpassar deg endringar, held roen når det er travelt, tek initiativ og samarbeider godt. Du kommuniserer ope og tydeleg og byggjer tillit.
- Relevant høgare utdanning er ønskjeleg, men erfaring frå leiing eller drift kan vege opp
- Erfaring med bygg, vedlikehald, økonomi, innkjøp, prosjektleiing eller kyrkje- og gravplassforvaltning er nyttig.
- Du må ha førarkort klasse B, gjerne også BE.
- Du uttrykkjer deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr:
- Ei sentral leiarstilling med breitt ansvar og høve til å forme arbeidsmåtane.
- Ein meiningsfull jobb i eit engasjert arbeidsfellesskap med mykje erfaring og kunnskap.
- Løn etter KA-tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP og Knif.
Nysgjerrig?
Ta gjerne kontakt med rådgivar i Human, Ole Magnus Hundvin på tlf. 92 33 11 00 eller kyrkjeverje Sissel Vartdal på tlf. 48 99 12 57 for ein uforpliktande prat.
Stillingstype: 100 % fast
Arbeidsstad: Førde. Arbeidsområdet omfattar heile Sunnfjord kommune.
Søknadsfrist: 29.11.2026
