På trua laus med Harald Stanghelle

Aftenposten-redaktør Harald Stanghelle delte 21. februar si historie frå bedehusbenken i Vaksdal til redaktørkrakken i Oslo. Det skjedde på Litteraturhuset i Bergen der 96 tilhøyrarar hadde møtt fram. No kan du sjå videoopptak av møtet her.

Publisert:

Harald Stanghelle og biskop Halvor Nordhaug hadde ein god og humørfylt samtale om tru og samfunn. Foto: Tore Skjæveland
Harald Stanghelle og biskop Halvor Nordhaug hadde ein god og humørfylt samtale om tru og samfunn. Foto: Tore Skjæveland

På trua laus er ein møteserie der biskop Halvor Nordhaug ynskjer å sleppe trua laus frå kyrkja sitt indre rom og utsette den for spørsmål, kritikk og forsvar. 

Stanghelle fortalde om varme og humor i eit miljø mange har karakterisert som tungt og mørkt. - Eg prøver å dyrke så få absolutt som mogeleg, sa Harald Stanghelle. Han karakteriserte seg som ein agnostikar, men sa at han ser kvalitetar ved miljøet i oppveksten som han ikkje såg då han var yngre.

Etter føredraget, hadde Stanghelle og biskopen ein engasjert samtale om blant anna Guds allmakt, bøn, religionen sin plass i samfunnet og det nåderike og nådelause samfunnet. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"