Bjørgvinsamtalen Sogn og Fjordane
Praktisk informasjon
Frå:6.9.2025 - kl.10.15
Til:6.9.2025 - kl.16.30
Stad:Vassenden kyrkjesenter, Lergrovbakke 12, 6847 Vassenden, Jølster
Arrangør:Bjørgvin bispedømeråd
Bjørgvin bispedømeråd inviterer sokneråda til inspirasjonssamling. – Vi har valt å kalle samlinga for «Bjørgvinsamtalen», då vi ønskjer at dette skal bli ein god samtale, både mellom råda og mellom bispedømerådet og sokneråda, skriv stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit i invitasjonen som no er sendt ut til alle sokn via. prostane.
Temaet for samlingane vil vera «Guds miskunn i møte med ei uroleg verd». – Det er nyttig å kunne møtast og bli kjende med korleis andre gjer det, treffe andre og forhåpentlegvis bli inspirerte. For at samlinga ikkje skal bli for stor, har vi valt å ha to samlingar, og vi set ei grense på tre representantar frå kvart råd, seier stiftsdirektøren.
Førebels program for «Bjørgvinsamtalen 2025»
Tema: «Guds miskunn i møte med ei uroleg verd – Kyrkja som bærar av håpet»
Program
- 10:15: Registrering og kaffe
- 10:45: Velkomen og presentasjon ved bispedømerådet sin leiar
- 11:15: Frivillige – kven er dei og korleis tenkjer dei?
- Tor Kristiansen, tidlegare journalist i Bergens Tidende, har intervjua fleire menneske som har valt å vere med på frivillig arbeid. Han vil innleie med nokre tankar derfrå før vi tek samtalen i grupper.
- 12:30: Varm lunsj
- 13:30 Kor er vi – dømer frå enkelte stader i bispedømet
- 1400: Korleis arbeider vi lokalt og i bispedøme? Kva rører seg og korleis forstår vi vår rolle i dette? Samtalar og erfaringsdeling
- 14:30: Pause med kaffeï15:00: Oppsummering
15:30: Gudsteneste med biskop Ragnhild
16:30: Vel heim
Påmelding seinast 22. august.
