Temakveld: Kyrkja sine aktivitetar og fellesskap i møte med rettane til menneske med funksjonshemming
Praktisk informasjon
Dato:20.11.2025
Tid:17.30
Stad:
Arrangør:
Tilsette og frivillige blir inviterte til temakveld 20. november 2025 kl. 17.30 på Bergen kino, KP 12. Det blir filmframsyning og panelsamtale.
Enkel servering. Påmelding innan måndag 17. november til al873@kirken.no.
Me viser filmen «Dei makalause» av Kathrine Haugen Nordhuus.– ein film om inkludering, fellesskap og tru.
Panelsamtale etter filmen med mellom anna biskop Ragnhild Jepsen. Paneldeltakarane har erfaring som frivillige, tilsette eller pårørande, og jobbar for å fremja rettane til menneske med funksjonsnedsetjingar i kyrkja.
Kyrkja i Bergen, v/BKF og inkluderingsutvalet i Bjørgvin bispedøme, ønskjer gjennom temakvelden å setja søkjelys på korleis aktivitetane og fellesskapane våre er tilgjengeleg for alle menneske, med tanke på rettar til menneske med funksjonsnedsetjingar.
Tek me utfordringa?
Dette skriv Vårt Land om filmen:
"Filmen De Makalause er en viktig film for både kirken, norsk kristenhet og samfunnet generelt. Filmen setter på sin egen måte fokus på meningen med livet og rører ved viktige grunnverdier i kristen tro: at alle mennesker har den
samme unike verdi og at alle er viktige for fellesskapet."
Temakvelden er støtta av Kyrkjerådet.
