Ei av sakene handla om ei satsing frå kyrkja på unge vaksne i tidsrommet 2026-2030. Saka vart drøfta med representantar frå sokna/prostia i Sunnfjord og Sogndal som begge er studiestader med mange unge.
Bispedømerådet fekk ein rekneskapsrapport per august 2025. Dei hadde også ei intern drøfting rundt kriterier for fordeling av tilskotsmidlar frå 2026. Det er viktig for bispedømerådet å vektlegge ei ordning som ivaretek kompetanse samla i prostia, står det i vedtaket. Rådet bestemte også at ein skal halde av to prosent til utviklingsprosjekt på bispedømenivå.
Bjørgvin bispedømeråd oppnemnde følgjande styremedlemer til Stiftinga Nordfjord Familieven for perioden 2025-2029:
Klaus Iversen, Måløy 01.06.25 - 31.05.29 Styremedlem
Eline Sandnes, selje 01.06.25 - 31.05.29 Styremedlem
Personlege vara-medlemmer, same periode:
For Eline Sandnes, Oline Johanne Henden, Sandane
For Klaus Iversen, Gunn Ragnhild Vårdal Helgesen, Selje
Bjørgvinsamtalen
Rune Garmann, som er leiar for arbeidsutvalet for fellesrådsleiarnettverket i Bjørgvin, var til stades på den første Bjørgvinsamtalen. Han har skrive litt om sine inntrykk frå møtet:
Her fekk soknerådsmedlemer frå nordre delen av Bjørgvin møte medlemene av bispedømerådet og nokre av staben ved bispedømekontoret, samt biskop Ragnhild, og høve til å samtale med desse og med kvarandre i uformelle og
trivelege former.
Klokeleg nok var programmet innretta nettopp med tanke på at deltakarane skulle få rikeleg høve til samtale. Noko folk så absolutt visste å nytte seg av.
Mange gode tankar og idéar vart nok lufta på gruppene og kring borda under måltida. Men kan hende største verdien av dagen var at han kan bidra til at folk i sokne- og fellesråda rundt om, ser at dei er delar av eit større arbeidsfellesskap, og at det er folk «der ute» som ein kan spele på lag med, om behovet skulle melde seg.
Sakliste for bispedømerådsmøtet
32/25 Godkjenning av innkalling og saksliste
33/25 Godkjenning av protokoll frå Bjørgvin bispedømeråd 03.06.2025
34/25 Oppnemning av styremedlemmer Stiftinga Nordfjord Familievern 2025-2029
35/25 Rekneskapsrapport per august 2025
36/25 Intern drøfting rundt kriterier og fordeling av tilskotsmidlar frå 2026
37/25 Unge Vaksne-satsinga 2026-2030 - ei innleiande drøfting
38/25 Tilsetting til orientering i BBDR 05.09.2025