Den lune leiaren

Magne Skjeldal døydde 27. april 2024, 58 år gamal. Med hans brå bortgang, har vi mista ein trufast leiar i kyrkje og samfunn.

Magne Skjeldal,  02.04.1966 - 27.04.2024. Foto: Bjørgvin bispedømekontor 2010

Magne vart i ein alder av 36 valt inn som medlem i Bjørgvin bispedømeråd i 2002. Der var han nestleiar i fire år, før han tok over som leiar i seks år, fram til utgangen av 2011. Han var med dette også medlem av kyrkjemøtet for Den norske kyrkja.
Med si erfaring frå sokneråd, kyrkjeleg fellesråd, bondelag, idrettslag, kommunestyre og ulike kommunale utval, var han den rette personen til å leia Bjørgvin bispedømeråd. Dei mange stemmene han hadde bak seg frå sokneråda i bispedømet, var teikn på høg tillit.
 
Magne var ein god og trygg leiar og medarbeidar, sakleg, stødig og oppteken av å sjå det store biletet heller enn å køyra enkeltsaker. Han gleda seg over dei gode vedtaka og stod fast på dei vanskelege.  Han var på alle vis jordnær. Samarbeidet var godt, anten det var med dei to biskopane som gjorde teneste i hans periode, staben på bispedømekontoret eller dei andre medlemene i bispedømerådet. 
 
Som person opplevde vi han som venleg, interessert, nær og lyttande til dei han møtte. Vi saknar den lune leiaren. 
 
Våre tankar går særleg til Rønnaug, borna og familien elles. 
Vi lyser fred over Magne Skjeldal sitt minne.
 
Bjørgvin bispedømeråd og biskop
Oddny Miljeteig, bispedømerådsleiar
Jan Ove Fjelltveit, stiftsdirektør

Dette minneordet vart publisert i fleire aviser like etter dødsfallet, og har i ettertid blitt lagt ut på desse nettsidene.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"