Biskopen skreiv følgjande på sin facebook-konto etter visitasen:
Der har eg møtt ein kyrkjelyd som er oppteken av å forkynne Jesus, som er til stades der folk bur og ferdast i bydelen, og som har mykje godt og byggande arbeid for folk i alle aldrar og livssituasjonar.
Bispevisitasen er verkeleg noko av det finaste og viktigaste som skjer mellom biskop og kyrkjelydane. Eg kjenner meg heldig som blir kjent med folk og arbeid i Bjørgvin. Og høgdepunktet er alltid at vi kan feire gudsteneste saman.
I visitasføredraget sitt gav biskopen kyrkjelyden fire utfordringar
- Fyll denne nyoppussa kyrkja. Gå til gudsteneste regelmessig, både for dykkar eiga skuld og for å gje Guds ære.
- Tida er mogen for å utvida samarbeidet med skulane. Rektorane er positive. No må de ta eit initiativ og starta arbeidet med ein skule-kyrkjeplan.
- Her er ein stab som har det godt saman, er vennlege og har ei god ånd. Hald fast på det. Det er det beste grunnlag for å ta imot nye og staka ut ein kurs for framtida.
- Ver frimodige og hald fram med å sjå kyrkjelyden som ein viktig aktør i lokalsamfunnet i Loddefjord. Tenk samarbeid og samhandling med andre, både innanfor kultur, samfunnsliv, oppvekst og helse.
