Vigslinga gjekk føre seg i Molde domkirke, og det var biskop Ingeborg Midttømme som stod for ordinasjonshandlinga. Deltakarar under ordinasjonen var m.a. prosten i Indre Romsdal, Erling Nevland; domprost Olav Gading, lokalkyrkjelege tilsette og leiarar i dei lokale sokna.
Ved prestevigsel gir ordinanden eit løfte, der ho lovar å forkynne Guds ord i følgje Bibelen og kyrkja si vedkjenning, forvalte sakramenta etter Jesu Kristi innstifting og kyrkja si ordning, formane kyrkjelyden til omvending, tru og heilaggjering, samt sjølv å leve etter Guds ord.