KYRKJEFAG

Avdeling Kyrkjefag er faglege ressursar for biskop og bispedømeråd. Vi arbeider for å realisere visjonane til Møre bispedøme, i samsvar med vedtekne årsplanar og mål gitt av Den norske kyrkja. Rådgjevarane er både arrangørar, faglege og administrative ressursar og sakshandsamarar. Avdeling Kyrkjefag er fagleg ressurs for arbeidet i sokna. Ta gjerne direkte kontakt for rettleiing og råd. Den enkelte rådgjevar eller eit team av rådgjevarar tek gjerne del under faglege samlingar i prosti eller kyrkjelyd. Rådgjevarane arbeider både kvar for seg og tverrfagleg, og har eit særleg fokus på utvikling av tverrfagleg samarbeid.