Den norske kyrkja i Møre vil forkynne evangeliet og opne rom for tru for menneske gjennom heile livet. Kyrkja i Møre er til stades i lokalsamfunn over heile bispedømet. På kvart eit nes og i kvar ein fjord er det ein kyrkjestad og og ein kyrkjelyd. Dei store og viktige stundene i livet er omramma av kyrkja: dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Kyrkja møter menneske der dei er, gjev tilhøyrsle og identitet, driv sosialt arbeid og støttar dei som strevar.
Årsforteljinga 2024 for Møre bispedøme viser at Den norske kyrkja i Møre har 198.635 medlemmar. Dette er om lag 73% av innbyggjarane i fylket.
Kyrkja opnar rom for mange gjennom aktivitetar og ulike former for nærvær i lokalsamfunn og storsamfunn - og opnar også rom særleg knytt til viktige hendingar i livet:
Kvart år blir omkring 1700 born døypte og 2300 ungdommar konfirmerte i kyrkjene i Møre. Foto frå Tresfjord kyrkje. (foto: Elias Storhaug)
Kvart år blir omkring 1700 born døypte og 2300 ungdommar konfirmerte i kyrkjene i Møre. Mange er aktive deltakarar i kyrkja, anten som tilsette eller i frivillig arbeid. Kyrkja i Møre har til saman 420 tilsette og 6400 frivillige.
Dei 120 kyrkjene i Møre er kyrkjelyden sin faste møtestad til gudstenester. Kvart år kjem kring 260.000 menneske i alle aldrar saman til gudsteneste i den lokale kyrkja her i bispedømet.
Kyrkja er også arena for ei stor mengd konsertar og kulturarrangement: Kvart år deltek over 90.000 menneske på slike arrangement.
2 639 barn og unge deltok på baby-/småbarnssong og søndagsskule i kyrkja sin regi i 2024. I tillegg kjem dei mange deltakarane på andre kyrkjelege arrangement og aktivitetar for barn- og unge. Gjennom aktivitetar i alle bispedømmets kyrkjelydar blir barn og unge kjende med kristen tru og tradisjon, kristen praksis, bibeltekstar og salmar. Bibelforteljingane er slitesterke, og saman med truspraksis og dei historiske og kulturelle linjene får dei reiskapar til eiga livstolking og til å ta sjølvstendige val.
Kyrkjene i Møre er med på å verkeleggjere Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte gjennom eit mangfaldig diakonalt arbeid utført av både tilsette og frivillige. I 2024 var det 21 diakonar/ diakonimedarbeidarar i bispedømmet. Om lag 2/3 av sokna har utarbeidd lokal plan for diakoni. Kyrkjene i Møre har god kontakt med kommunane og ulike institusjonar i nærområdet, og fleire stader har ein fått på plass gode samarbeidsavtalar eller samskapingsprosjekt.