Ungdomsarbeidet i Arna Kyrkjelyd

Hovedbilde for tema

Om oss

Ungdomsarbeidet i Arna kyrkjelyd er ein møteplass for ungdom frå ungdomsskulealder og oppover. Vi ønskjer å skape trygge og inkluderande fellesskap der ungdom kan vere seg sjølve, få nye venner, delta på kjekke aktivitetar og utforske tru og livsspørsmål i sitt eige tempo.

Ungdomsarbeidet består hovudsakleg av UngTru og KRIK Arna.

UngTru er kyrkjelyden sin ungdomsklubb og samlast jamleg i Arna kyrkjelydshus. Her legg vi vekt på fellesskap, aktivitetar, konkurransar, spel, mat, andaktar og gode samtalar. UngTru er ein stad der alle er velkomne, uavhengig av bakgrunn, erfaring eller tru.

KRIK Arna er ein del av den landsdekkjande organisasjonen KRIK (Kristen Idrettskontakt). Kvar søndag samlast ungdom til ulike idretts- og aktivitetsbaserte treningar i Lonehallen. Gjennom leik, idrett og fellesskap ønskjer vi å skape ein arena der ungdom kan oppleve meistring, glede og samhald.

I løpet av året arrangerer vi også leirar, turneringar, temakveldar og andre aktivitetar. Målet vårt er å vere ein stad der ungdom kan finne fellesskap, bygge relasjonar og oppleve at dei høyrer til.

Hos oss er det plass til alle. Du treng ikkje vere medlem, kjenne nokon frå før eller vere aktiv i kyrkja for å vere med. Vi ønskjer å møte ungdom med openheit, respekt og omsorg, og vere eit fellesskap der kvar enkelt blir sett og verdsett.

 

Kom som du er – vi gler oss til å møte deg!

 

Følg oss på sosiale medier: @ungtru

Facebook, Instagram og TikTok

 

Ungdomsklubben UngTru

Datoer haust 2026 kl 19-23: 5.september, 26.september, 10.oktober, 31.oktober, 7.november, 21.november, 5-6.desember overnatting og julebord 19.desember*

 

På jakt etter eit godt fellesskap? Ein plass å henge med andre ungdommar? Ein stad der du kan vere deg sjølv og der trua di blir teken på alvor? Då er UngTru noko for deg!

 

Velkommen til UngTru

UngTru er ungdomsklubben i Arna kyrkjelyd og ein del av ungdomsarbeidet vårt. Her er det plass til deg, enten du trur mykje, lite eller berre er nysgjerrig. Vi ønskjer å vere ein trygg og inkluderande møteplass der ungdom kan vere seg sjølve, bli kjende med nye folk og vere ein del av eit godt fellesskap.

To laurdagar i månaden samlast vi i Arna kyrkjelydshus. Kvelden startar med ei samling i kyrkja med musikk, refleksjonar og tankar om tru og livet. Etterpå samlast vi på ungdomsrommet til mat, kiosk, aktivitetar, spel og sosialt.

Gjennom året har vi også temakveldar, turneringar, konkurransar, sumobryting, turar og andre kjekke aktivitetar. Ingen kveld er heilt lik, men målet er alltid det same: å skape ein stad der ungdom kan ha det kjekt, oppleve fellesskap og kjenne at dei høyrer til.

Du treng ikkje kjenne nokon frå før for å vere med – hos oss er alle velkomne!

 

 

KRIK Arna

Kanskje likar du å vere aktiv? Drive ballspel? Klatre? Fiske? Eller kanskje du berre likar best å vere i ro, men er veldig sosial eller er ein som kan fiksa ting? I KRIK er det plass for alle.

 

 

Velkomen til KRIK Arna!

KRIK står for KRisten IdrettsKontakt, og er ein aktivtet som kombinerer idrett, aktivitet, fellesskap og trua på Jesus. KRIK har treningar kvar søndag 18:30-20:00 i Lonehallen. Ein KRIK-trening innebærer ulike aktivitetar, som innebandy, handball, basket og andre leiker. Det er også ein pause med ei lita andakt eller ord for dagen. KRIK passar best for dei som er frå ungdomsskulealder og oppover.

TRYKK HER for å bli medlem i KRIK Arna. Velkomen til nye og gamle.

 

Kalender

Endringar kan førekome. Følg oss på sosiale medium for oppdatert informasjon.


Browseren din har feilaktig blitt gjenskjent som en bot utifra User-agent verdien = Mozilla/5.0 AppleWebKit/537.36 (KHTML, like Gecko; compatible; ClaudeBot/1.0; +claudebot@anthropic.com) . Vi hadde satt stor pris på om du kunne sende denne feilmeldingen til: skjeri@kirken.no slik at vi får fikset dette for deg og alle andre med samme browser

Kontakt

  • Martin Bakke Slåttsveen

    Ungdomsarbeidar

    Martin Bakke Slåttsveen 976 66 456
  • Gina Marie  Reisæter-Thu

    Kapellan

    Gina Marie Reisæter-Thu 90887323 Klikk for å vise e-post
  • KRIK-leiar

    Sofie Romslo 934 19 301
  • Lonehallen - KRIK Trening
    Adresse: Lonaleitet 131, 5268 Haukeland
    Vegbeskrivelse

  • Arna kyrkjelydshus
    Adresse: Lakslia 21, 5261 Indre Arna
    Vegbeskrivelse