Økonomi med ein spennande vri!

Den 7. november fekk UngTru (ungdomsarbeidet i Arna kyrkjelyd) besøk av Fana Sparebank! Over 100 ungdommar deltok på ein innhaldsrik, lærerik og engasjerande kveld der økonomi stod på programmet, med ein litt annleis og spennande vri!

Publisert:

Ungdomsarbeidar: Martin Bakke Slåttsveen, Finansiell rådgiver: Ola Endresen Autorisert, Autorisert finansiell rådgiver: Anita Dokkedal . Foto: Helge Nelson
Ungdomsarbeidar: Martin Bakke Slåttsveen, Finansiell rådgiver: Ola Endresen Autorisert, Autorisert finansiell rådgiver: Anita Dokkedal . Foto: Helge Nelson

Ungdommane fekk vere med på gameshow med ulike utfordringar, spørsmål og konkurransar knytte til økonomi. Gjennom samarbeid, engasjement og ein god dose konkurranseinstinkt fekk deltakarane utforske økonomi på ein sosial, underhaldande og uformell måte.

Dei fekk og lage budsjett, finne løysingar på ulike økonomiske utfordringar, teste kunnskapen sin gjennom «Fleip eller fakta» og svare på spørsmål som «Kva betyr eigentleg saldo?». Oppgåvene tok utgangspunkt i situasjonar og problemstillingar som ungdom kan møte i sin eigen kvardag.

Målet var å gjere ungdommane meir bevisste på eigne økonomiske val og handlingar, og ved å gi dei kunnskap som kan vere nyttig både no og seinare i livet. Gjennom gameshowet ønskte vi å vise korleis små og store økonomiske avgjerder kan påverke kvardagen, og kor viktig det er å ha oversikt, planleggje og prioritere.

Det blei sjølvsagt også tid til pizza, prat og sosialt fellesskap. Det var viktig å invitere inn til ein møteplass kor ungdom kunne vere saman, engasjere seg og ha det kjekt.

 

Med god stemning, konkurransar og mykje engasjement fekk vi vist at økonomi slett ikkje treng å vere kjedeleg! Ved å kombinere underhaldning og læring blei økonomi gjort både meir forståeleg, relevant og tilgjengeleg for ungdommane.

Ein stor takk til Fana Sparebank for eit fantastisk samarbeid, eit kreativt og engasjerande opplegg og for at de var med på å gi ungdommane ein lærerik og minnerik kveld!

 

 

Les meir om ungdomsarbeidet i Arna kyrkjelyd her

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"