Kong Harald er død. Lat oss be for familien som sit att i sorg, og for kong Haakon og dei oppgåvene som ligg framfor han! Ytre Arna kyrkje kjem til å vera open i dag (fredag 28. august) kl. 17.00- kl. 20.00. Du er velkomen til å koma inn, tenna eit lys, be, eller berre sitja stilt i kyrkjebygget ei stund. Fred over kong Harald sitt minne!
I Arna kyrkje er det lagt ut kondolanseprotokoll der ein kan skriva sine kondolansar og helsingar til kongefamilien. Det er òg lagt til rette for lystenning og stille bøn. Arna kyrkje held ope i dag, fredag 11:00 - 20:00, samt laurdag og søndag 15:00-18:00. Det kan verta aktuelt å halde ope fleire dagar, det vil i så fall verta annonsert.
Det vert klemta med klokkene i begge kyrkjene kl. 12-13 i dag (fredag).
Det vert sørgjegudsteneste i domkyrkja sundag 30. august (komande sundag) kl. 11.00. Det vert òg ei sørgjegudsteneste i Arna kyrkje sundag kl. 17.00
