20. september syng han i Johanneskyrkja. Publikum får høyre alle dei tolv salmane frå plata Det er makt i de foldede hender, i tillegg til nokre eigne songar. Det var dottera Emma som foreslo å framføre plata i sin heilskap.
- Eg tenkte: No stemmer det. Det er rart når ein tek ei intuitiv avgjerd, så legg mykje seg til rette rundt ein.
For hipp til salmeplate?
Då Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverksted tok kontakt i 1995, sa Dagsland nei fleire gonger.
- Eg tenkte at det var heilt uaktuelt. Eg tenkte eg var altfor hipp og ung, og tykte salmar skulle syngast av gamle folk.
For Dagsland var salmespråket knytt til farmora.
Vendepunktet kom då NRK spurde om han ville hylle salmediktaren Trygve Bjerkreim. Også her var Dagsland nølande, men sa til slutt ja til å syngje Det er makt i de foldede hender.
- Når eg syng mine eigne sanger tenkjer eg ikkje så mykje på tekstane. Eg berre syng dei. Men for første gong sat eg berre heilt inni meg sjølv og song. Det var ei utruleg fin kjensle. Eg følte songen kom til meg.
Då han gjekk av scenen, sa han ja til Hillestad.
- Kva sa bestemor?
- Ho levde ikkje då, men eg veit ho hadde elska det.
Grunnleggjande opptatt av nåden
Utvalet av salmar handla om innhald han kunne stå for.
- Eg er grunnleggjande opptatt av nåden. Eg tenkjer den er heile hemmelegheita i kristendommen.
Han peikar på kyrkja si rolle i kriser.
- Når kyrkja opnar dørene etter ein katastrofe og snakkar om kjærleik, det er då den er på sitt sterkaste. Då tenkjer eg at ho er inkluderande slik ho skal vere.
Plata blei laga med Iver Kleive, Terje Rypdal og Ole Edvard Antonsen. I haust står Dagsland på scena saman med Torjus Vierli, David Wallumrød og Espen Tappel.
- Vi bruker det beste frå plata, og om-arrangerer litt i tillegg.
Salmeplata blir framleis mykje lytta til. På Spotify er Det er makt i de foldede hender, Jeg er i Herrens hender og Bred dina vida vinger blant dei mest spelte frå Dagsland sine plater.
- Det er ganske sterkt, meiner festivalsjef Almenning.
- Ja, når det er 30 år sidan, svarar Dagsland.
Ein kamp for harmoni
- Har du ein favorittsalme frå plata?
- Jeg er i Herrens hender er veldig sterk for meg, fordi den er så omfamnande, lys og trøystande. Eg elskar óg Lær meg å kjenne dine veie, for den er så desperat.
Han trur ikkje nødvendigvis at liding er ei føresetnad for kunst.
- Eg dyrkar harmoni og venlegheit for alt det er verd. Men så kjem livet med nokre svingningar. Eg ser at smerte kan vere ein læremeister.
Smerten treng ikkje vere nært på, men Dagsland trur ein må ha eit forhold til si eiga smerte for å lage god kunst.
- Elles er det underhaldning. Dei aller beste har ein edge som gjer at dei har besøkt eit eller anna i seg sjølv, som gjer at det blir spennande.
- Trur du denne plata treff noko slikt hos lyttarane?
- Ja... Alle platene er ein kamp for harmoni for meg. I dette tilfelle var det eit område eg ikkje kjende. Men eg var såpass arrogant at eg ville gjere det på min måte. Og så hadde vi med folk som kom med heilt forskjellige fortellingar. Produsent Hillestad er veldig god til å setje dei rette folka ved bordet.

Sigvart Dagsland lyttar mest til pop og klassisk, men har eit nært forhold til salmar når han syng dei sjølv. Foto: Pia Bråthen.
Mysteriet med musikk og kunst
Dagsland lyttar sjølv mest til klassisk musikk og pop, og lite til salmar.
- Møter du salmane elles?
- Eg møter dei i kyrkja. Eg har ikkje noko nært forhold til salmar. Eg hadde det gjennom oppveksten, gjennom far og farmor då vi gjekk i kyrkja. Det er merkeleg, men eg har nok nærast forhold til salmane ved å synge dei sjølv.
Han fortel at han har eit nært forhold til salmen Alltid freidig når du går.
- Teksten er heilt fantastisk: “Kjemp for alt hva du har kjært, dø om så det gjelder. Da er livet ei så svært, døden ikke heller”. Den der svimlande erkjenninga...
- ...kokt ned til ein såpass naiv setning. Slitesterk som få. Det er ein av dei salmane vi syng oftast på gamleheimen.
Festivalsjefen er også domkantor, med musikkandakter for eldre som ein del av arbeidskvardagen.
- Ja, det er noko av det rare med songwriting, seier Dagsland. At musikk og tekst blir større enn seg sjølv. Tenk at du med enderim og gode setningar plutselig kan opne dører for menneske. Det er mysteriet med musikk og kunst.
Salmane i sitt rette rom
Å syngje i kyrkjerommet kjennest naturleg.
- Det er der salmane kjem frå. Eg gler meg veldig til det!
- I dette prosjektet er både musikk og tekst ferdig på førehand. Det er ein heilt annan prosess?
- Ja. Då blir eg ein tolkar, litt som klassiske musikarar. Det opnar nye rom i meg.
- Tenkte du på å heller lage ei ny plate med tolv nye salmar?
Vi gjorde ei engelsk plate som heiter Hymns i 2009. Då føltes det riktig. No føltes det veldig riktig å gå på gjenvisitt. Det er ei veldig spenning i å gå tilbake på gamle tomter og oppdage ting. Eg er jo ein annan. Det har skjedd mykje sidan då.
Festivalsjef Kjetil Almenning og artist Sigvart Dagsland møttes for å prate om salmar og salmeturnéen.
Full klaff i Johanneskyrkja
30 år etter at plata kom ut, møtest artist og festival i rett tid.
- Eg er glad for at vi gjer dette no. Det kjennest veldig naturleg, seier Dagsland.
- Eg har hatt Sigvart i tankane lenge. Og no falt all på plass. Det var full klaff, avsluttar festivalsjefen.
Meir om Bergen kirkeautunnale: Bergen kirkeautunnale | Festival for kirkemusikk
Sikre deg billettar til Sigvart Dagsland: Sigvart Dagsland – Det er makt i de foldede hender – Bergen kirkeautunnale
