Kort info:
Når: laurdag 15.11 kl 12.00 til søndag 16.11 kl 13.00
Stad: Fjon Fjellkyrkje, Indre Haugsdal 75, 5984 Matredal
Pris: Medlemspris: kr. 50,-. Ordinær pris: kr. 450,-
Kven: Unge frå Alver og Nordhordland, frå 10. klasse og oppover
Kva: followme Alver er kyrkjene i Alver sitt tilbod for unge frå 10. klasse og oppvover
Påmelding: fyll ut skjema i lenkja nederst på denne sida
Meir informasjon:
Visjonen til followme er sjå - samle - styrke. Mottoet er gøy - kvalitet - fellesskap. Dette vil vi oppleve i lag på turen! Programmet er under utarbeiding og vil bli lagt ut på denne sida når det er klart, men vi kan love at det blir gøy, kvalitet og fellesskap i alle ledd!
Prisen dekkjer overnatting og mat, og må betalast seinast 13.11.25. Du må sjølv ordne transport til og frå Fjon. Det passer med buss til og frå Knarvik med Norway bussekspress. Busstoppet heiter Nedre Storavatn. Sjå lenkje til busselskapet under.
Vil du bli medlem og betale redusert pris? Vipps 50 kr til nr 56789, vel kategori followme, merk med "Medlem" namn, adresse, fødselsår.