Løvegjenggudsteneste med Ranselbøn 24.august 2025

Velkommen til Løvegjenggudsteneste med bøn for 1. klassingar!

Løvegjenggudsteneste med Ranselbøn 24.august 2025

Endelig er løva tilbake, og vi kan feire Løvegjenggudsteneste!

Det blir også Ranselbøn, og barna som startar i 1. klasse er inviterte til å vere med og bli bedt for. Dei får også ei gåve frå kyrkjelyden.

Vi har med barn som forsongarar, og Vidar Eldholm er pianist. Song og liturgi er for og med barn, og då er det ofte ekstra kjekt for dei vaksne også! 

Etterpå blir det kyrkjekaffi med is og saft.

Takkofferet går til Søndagsskolen Norge. Du kan gjerne gje gåva på førehand på Vipps 54 016.

Eva Kristin Dale Wessman er liturg, Mounir Sarhan kyrkjetenar, og kyrkjelydspedagog Anne Marit Fosse Dahle er med i gudstenesta. Leiar for gudstenestelaget er Berit Nøst Dale.

(PS: Løvegjengen er søndagsskulen i kyrkja vår, og "Løvegjenggudsteneste" er ei gudsteste tilrettelagt for barn).

Vel møtt!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"