Minnegudsteneste 2. november kl.19

Ei gudsteneste der vi er saman i sorga. Det blir rom for ettertanke, og vi tenner lys for håpet. Gudstenesta er open for alle.

Kvinne tenner lys. Hun står ute på en gravplass og holder lyset i hendene.

Vel møtt til Minnegudsteneste

Dei som har mista nokon sidan sist minnegudsteneste er spesielt inviterte. Namna på dei som har gått bort sidan sist blir lest opp, og det blir diktlesing og lystenning i samband med dette.

Også alle andre som ber på sorg og sakn er like velkomne til å ta del. Du kan bli med i gudstenesta og minnast dei du tenkjer på.

Det blir fine songar og vakker musikk med orgel og obo, både under lystenninga og elles i gudstenesta.

Bjørn Tore Sæle er liturg saman med Ruben Sæle. Ruben er dagens predikant. Magnus Blom er organist, og har med Lise Herland på obo og Solveig Westermoen som forsongar. Mounir Sarhan er kyrkjetenar og Regine Sagstad Berg er leiar for gudstenestelaget.

Det blir ikkje teke opp takkoffer.

Gudstenesta er open for alle, vel møtt!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"