Vi har tre soknekyrkjer i Radøy sokn:
Manger kyrkje
Adkomst
- Nærmaste busshaldeplass: Manger senter, rett over vegen for kyrkja
- Parkering: Kyrkja har eigen parkeringsplass ved gravplassen. Innkøyring ved Manger bedehus/Rema 1000. Frå parkeringsplassen er det trappefri adkomst til kyrkja - blanding av asfaltert gangveg og grus.
- Rullestolrampe ved hovudinngangen til kyrkja. Rampen er oppvarma om vinteren.
- Det er førebels ikkje døropnar ved hovuddøra som er litt tung å opna.
I kyrkjerommet
- Det er ei blanding av stolar og benkar i kyrkja.
- Tilgjengeleg toalett ved dåpssakristiet bak i kyrkjerommet.
- Rullestolrampe som går opp til alterpartiet. Denne vert som regel satt på plass dersom nattverdutdeling eller andre handlingar skal foregå framme. Ellers foregår nattverdutdelinga i midtgangen utan fysiske hindringar.
Høyrsle og lyd
- Det er teleslynge i kyrkja med best dekning i området foran galleriet og fram til kortrappa. Under galleriet er det dårlege signal.
- I hovudsak god lyd i kyrkja men det kan vera lurt å sjå kor høgtalarane er plasserte og unngå å sitja rett under dei, dersom du høyrer dårleg. Unngå også å sitja under galleriet, for her er lydnivået mykje lågare.
Syn og orientering
- I hovudsak god belysning i kyrkjerommet, men lågare lysnivå under galleriet og i korpartiet.
- Det er kontrastmarkeringar i kortrappa og der golvnivået varierar på galleriet. Golvet er elles mørkt med raudt teppe i midtgongen.
- Vi har salmebøker med stor skrift - be gjerne om ei blå salmebok.
- Vi har trykte gudstenesteprogram i to ulike storleikar (A5 og A4).
- Når vi bruker presentasjon på lerret, bruker vi kvit skrift på sort bakgrunn for best mogleg konstast.
- Det er ikkje ledelinjer for brukarar av mobilitetsstokk.
Ved gudstenester og kyrkjelege handlingar vil vi legge til rette for at lysglober, musikkinstrument og liknande ikkje vert plasserte slik at dei er til hinder for bruken av kyrkjerommet. Vi har også planar om å legge til rette for Auracast i samband med neste oppgradering av lydanlegget.
Hordabø kyrkje
Adkomst
- Nærmaste busshaldeplass: Hordabø kyrkje, rett utanfor kyrkja.
- Parkering: Kyrkja har eigen parkeringsplass med innkøyring rett frå hovuedvegen. Frå parkeringsplassen er det trappefri adkomst til kyrkja via grussti.
- Rullestolrampe ved hovudinngangen til kyrkja. Rampen er oppvarma om vinteren.
- Det er ikkje døropnar ved hovuddøra, men den er lett å opna og utan trappetrinn.
I kyrkja
- Tilgjengeleg toalett i underetasjen/kjellaren. Tilkomst via rampe ved sida av hovudinngangen til kyrkja.
- Det er ei blanding av stolar og benkar i kyrkja.
- Fastmontert rullestolrampe som går opp til alterpartiet. Denne er plassert på venstre sida av kyrkjerommet.
Høyrsle og lyd
- Det er teleslynge i kyrkja med best dekning i området foran galleriet og fram til kortrappa. Under galleriet er det dårlege signal.
- I hovudsak god lyd i kyrkja men det kan vera lurt å sjå kor høgtalarane er plasserte og unngå å sitja rett under dei, dersom du høyrer dårleg. Unngå også å sitja under galleriet, for her er lydnivået mykje lågare.
Syn og orientering
- Det er middels-god belysning i kyrkjerommet, men lysnivået er noko lågare inntil midtgongen, under galleriet og særleg i korpartiet.
- Det er ikkje kontrastmarkeringar i kortrappa og der golvnivået varierar på galleriet. Golvet er lysegrått med grått teppe i midtgongen.
- Vi har salmebøker med stor skrift - be gjerne om ei blå salmebok.
- Vi har trykte gudstenesteprogram i to ulike storleikar (A5 og A4).
- Det er ikkje ledelinjer for brukarar av mobilitetsstokk.
Ved gudstenester og kyrkjelege handlingar vil vi legge til rette for at lysglober, musikkinstrument og liknande ikkje vert plasserte slik at dei er til hinder for bruken av kyrkjerommet. Vi har også planar om å legge til rette for Auracast.
Sæbø kyrkje
Adkomst
- Nærmaste busshaldeplass: Sæbø, 200m frå kyrkja.
- Parkering: Kyrkja har eigen parkeringsplass med innkøyring rett frå hovuedvegen. Frå parkeringsplassen er det trappefri adkomst til kyrkja via grussti.
- Rullestolrampe ved hovudinngangen til kyrkja. Denne rampen er diverre ikkje oppvarma om vinteren men vi vil gjere vårt beste for å halde den fri for snø og is.
- Det er ikkje døropnar ved hovuddøra, men den er rimeleg lett å opna og med tilpassa dørterskel.
I kyrkja
- Tilgjengeleg toalett i våpenhuset.
- Det er berre stolar i kyrkjerommet.
- Fastmontert rullestolrampe som går opp til alterpartiet. Denne er plassert på venstre sida av kyrkjerommet.
Høyrsle og lyd
- Det er teleslynge i kyrkja med best dekning i området foran galleriet og fram til kortrappa. Under galleriet er det dårlege signal.
- I hovudsak god lyd i kyrkja men det kan vera lurt å sjå kor høgtalarane er plasserte og unngå å sitja rett under dei, dersom du høyrer dårleg. Unngå også å sitja under galleriet, for her er lydnivået mykje lågare.
Syn og orientering
- Det er middels-god belysning i kyrkjerommet, men lysnivået er noko lågare inntil veggane, under galleriet og i korpartiet.
- Det er ikkje kontrastmarkeringar i kortrappa og der golvnivået varierar på galleriet. Golvet er lysegrått med grønt teppe i midtgongen.