Velkomen til kvardagsmiddag på Rasteplassen på Manger!
Annakvar onsdag serverer me middagar som høyrer kvardagen til. Det er frivillige medarbeidarar som står for kokkelering og rydding, så her kjem du til ferdig dekka bord!
Her er det rom for travle småbarnsfamiliar, pensjonistar, einslege og alle som ønskjer eit middagsmåltid saman med andre. Etter middagen står kaffekanna klar for dei vaksne.
Det kostar 20 kr per person, eller ein kan betale valfritt beløp over det.
For å vite kor mykje mat me skal lage, treng me påmelding.
Ring eller send sms til Berthe Marie Ulveseter på 99 42 46 61 med påmelding om evt allergiar og kor mange i familien.
Datoar og meny for hausten 2026:
23.september - Fiskeburgar med salat
7.oktober - Kjøttkaker
21. oktober - Fårikål
4.november - Grilla kylling med ris og salat
18.november - Kjøttbollar og pasta
2.desember Risengrynsgraut m/dessert
Endringar i menyen kan forekome
Alle er hjarteleg velkomen!
