Mjømna kyrkje fyller 125 år velkomen til jubileumsfeiring!

I år er det 125 år sidan Mjømna kyrkje vart vigsla. Det vil vi gjerne feire saman med bygdefolk, utflytta bygdefolk og alle andre som har eit forhold til kyrkja! Sundag 8. november 2026 inviterer vi til jubileumsfeiring i Mjømna kyrkje.

Publisert:

Mjømna kyrkje fyller 125 år velkomen til jubileumsfeiring!

Vi startar med jubileumsgudsteneste kl. 11.00. Etter gudstenesta samlast vi på bygdehuset til mat, program og sosialt fellesskap.

Mjømna kyrkje har gjennom 125 år vore ein viktig samlingsstad for tru, høgtid, sorg og glede. Her har generasjonar vore samla til dåp, konfirmasjon, vigsel, gudsteneste og gravferd. Kyrkja ber med seg historia til menneska og bygda  og jubileet er ei fin anledning til å minnast, sjå tilbake og feire.

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med og feire Mjømna kyrkje!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"