Fredsgudsteneste 8. mai kl.16.30

8. mai samlast me ved Mjømna kyrkje for å markera at det er 80 år sidan freden kom til Noreg. Gjennom ord, song og stilla minnest me dei som kjempa – og ber håpet vidare i ei tid som treng det sårt.

Fredsgudsteneste 8. mai kl.16.30

80 år med fred i Noreg
Markering ved Mjømna kyrkje 8. mai – start kl. 16.30

Program ute:

  • Tale ved ordførar May-Lynn Osland

  • Kransenedlegging ved minnesmerket for Bjørn West

  • Innslag frå elevar ved Byrknes skule

  • Kransenedlegging ved støtta for Konrad Byrknes, som fall i Valdres i april 1940

Etter uteprogrammet vert det fredsgudsteneste i Mjømna kyrkje.
Sokneprest Håkon Kinsarvik leier gudstenesta, som inneheld ei samtalepreike med ordførar May-Lynn Osland og ukrainske deltakarar. Peter Tiborc Jobbagy er organisk og takkofferet går til rådet for psykisk helse.  Temaet er fred – i dag, i verda, og i våre liv.

Det vert også musikalske innslag på ukrainsk.
Etter gudstenesta inviterer me til kyrkjekaffi – med ukrainske smakar.

Hjarteleg velkomen til ei markering for fred, håp og fellesskap!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"