No står minnelunden i Øystese der – og vart akkurat så vakker og monumental som me vona på. Den fyller eit stort behov, og er allereie teken i bruk av mange. Med si effektive arealutnytting og sine vedlikehaldsfrie minnetavler representerer den ein heilt ny måte å tenkja gravminne på.
Det har vore ein lang prosess, men no er me i mål – og dette må markerast skikkeleg. Difor inviterer Kvam kyrkjelege fellesråd til
OPNING AV ØYSTESE MINNELUND VED ORDFØRAR TORGEIR NÆSS, TORSDAG 7. MAI KL 12.00.
Programmet vert helst enkelt i desse innsparingstider – men litt helsingar frå ymse aktørar og snorklipping må det bli.
Ver velkomen!
