Dagens bibelord

Lukas 13,6–9

Dagens bibelord 31.12.2025

Lukas 13,6–9

6  Så fortalde han denne likninga: «Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. 7  Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’ 8  ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det; 9  kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’»

Kilde: www.bibel.no