Dagens bibelord

Jesaja 40,6–11

Dagens bibelord 17.04.2026

Jesaja 40,6–11

6  Ei røyst seier: «Rop ut!»
Eg seier: «Kva skal eg ropa?»
«Alle menneske er gras,
all deira truskap
er som blomen på marka.
7  Graset tørkar bort, blomen visnar
når Herrens ande blæs på han.
Sanneleg, folket er gras.
8  Graset tørkar bort, blomen visnar,
men ordet frå vår Gud står evig fast.»

9  Gå opp på eit høgt fjell,
du Sions gledebod!
Lyft di røyst med kraft,
Jerusalems gledebod!
Lyft di røyst, ver ikkje redd!
Sei til byane i Juda:
«Sjå, dykkar Gud!»

10  Sjå, Herren Gud
kjem med styrke,
han herskar med sin arm.
Sjå, løna hans er med han,
dei han vann, er framfor han.
11  Han gjeter flokken sin
som ein gjetar.
Han samlar lamma med armen,
lyfter dei opp i fanget,
leier søyene.

Kilde: www.bibel.no