Det skjer m.a. ved at mange går med sokkar av ulik farge, som uttrykk for mangfald, på denne dagen. Føremålet er å skape merksemd om å leve med Downs, minne om menneskerettane til også dei som har dette syndromet og skape eit fargerikt fellesskap der også personar med Downs har sin rettkomne plass.
I år er dagen særleg aktuell sidan CRPD ("Convention on the Rights of Persons with Disabilities") - FN sin konvensjon om rettar for personar med funksjonshemming - vart norsk lov ved nyår. Dette utfordrar også kyrkja. Dette kan du lese meir om i denne artikkelen av Tor Ivar Torgauten: Fra utenforskap til fullverdig deltakelse i sitt trossamfunn - Stiftelsen SOR.
Den kyrkjelege utfordringa ligg på fleire plan:
- Retten til liv: Barn med Downs er svært utsette for selektiv abort. Dei seinare åra har ny teknologi og lovgjeving innan fosterdiagnostikk forsterka dette. No vert såleis 75% av dei som vert diagnostiserte med Downs syndrom aborterte.
- Retten til fellesskap: Mange med Downs opplever einsemd. Tema for Downs-dagen i år er såleis "Saman mot einsemd". I dette har vi som kyrkje eit stort ansvar, som forvaltarar av fellesskap med både Gud og menneske.
I Bjørgvin bispedøme arbeidet Inkluderingsutvalet særleg med dette. Sjå: https://www.kirken.no/nn-NO/bispedommer/bjorgvin-bispedome/rad-og-utval/utval-for-utviklingshemma/.
