Vi byrjar med lystenning, song og bøn – og kanskje blir det dåp? Vi får òg høyre ei forteljing om Jesus. Deretter blir kyrkjerommet forvandla til ein stad for leik, skaparglede og aktivitetar. Nokon spring ut ein tur, medan andre samlast rundt prosjekt på kjøkenet eller i våpenhuset. Dei eldre hjelper dei yngre – eller er det kanskje omvendt? Dei minste har ein eigen tumleplass attmed orgelet, og rundt borda bak i kyrkja går praten livleg. Når orgelet tek til å spele, samlast vi igjen i kyrkjerommet. Då oppdagar vi korleis aktivitetane heng saman med forteljinga om Jesus. Vi ser på det vi har laga, gleder oss over Guds gode kjærleik og syng saman: «Visste du at du er sjølve skatten til Gud?»
Etter velsigninga og tre gonger tre klokkeslag ventar endå eit høgdepunkt: kyrkjekaffi!
Vel møtt til ei varm, levande og annleis gudsteneste for heile familien.
Messy Church
Messy Church på Nore Neset er ei gudsteneste for heile kroppen – og for alle aldrar. Her er det rom for deg med bein som treng å springe litt, og for deg som helst vil sitje i ro. Du kan kome med låge skuldrar, anten du er ny i kyrkja eller har vore her mange gonger før.
