Få stader sit praten like laust som over ein kaffikopp på kafé. Difor er det ein perfekt stad å lære seg språk! Gjennom samtaler med gamle og nye kjente trener vi på å snakka og forstå språket vi bruker i kvardagen. Og kanskje lærer du deg nokre fraser på framande tungemål óg?
Språkkafeen er både for deg som ynskjer å øve på å snakka betre norsk, og for deg som vil hjelpe andre til å snakka betre norsk. Vi treng begge delar for at denne møteplassen skal verte god og verknadsfull!
Kafeen er "open" i Tunet om lag annan kvar torsdag klokka 17.00-19.00.
Vil du hjelpe til?
Å lage til Språkkafeen? Å leike med borna? Å rydde opp etter språkkafeen?
Ta kontakt!
