Velkommen til konsert med Berit Hella Lindberg (fløyte) og Irina Tarasova (piano, cembalo, orgel) i Nore Neset kyrkje søndag 15. februar kl 18:00.
Berit Hella Lindberg har si utdanning frå Norges Musikkhøgskole og Sibelius-Akademiet i Helsinki. Ho er ein aktiv frilansar, og har spilt med både Sjøforsvarets Musikkorps og alle dei andre forsvarskorpsa i landet, Oslo Filharmoniske Orkester, Collegium Musicum og ho har gjort fleire oppsetningar på Den Nationale Scene i Bergen. Ho speler mykje samtidsmusikk og har gjort fleire prosjekt i samarbeid med Borealis og BrassWind. I tillegg jobbar ho som fløytelærar og korpsdirigent i Bergensområdet, og har blant anna jobba som dirigent og fløytelærar i Os Skulekorps i fleire år.
Musikk av J.S.Bach, C.P.E.Bach, S.Jordan, C.Chaminad, T.Aulin, G.Brun, I.Clarke.
Billett kan kjøpast i døra. Betaling via Vipps eller kontant.
Vaksen kr 200,- Honnør kr 150,- Student kr 100,- Barn u/16 år gratis.
