Kyrkjekaffitur til Pardalsmyra

Etter gudstenesta 12. april inviterte diakoniutvalget i Landro til kyrkjekaffitur til Pardalsmyra. I sol og mykje vind var det lunt og fint på naturleikeplassen der vi grilla pølser, drakk kaffi og åt resten av muffinsane frå fasteaksjonen.

Publisert:

Kyrkjekaffitur til Pardalsmyra

Nokre av oss gjekk ein litt lengre tur for å kome fram mens andre gjekk den korte turen og fekk i oppdrag å få fyr på grillen.

På slike turar etabler ein kontakt med kvarandre på ein annan måte og samtalane får andre tema. Både om livet generelt og ikkje minst om botaniske grunnar som kvifor det veks lite kvitveis og blåveis på Sotra, kva for jord treng furua for å trivast og ulike fuglesongar. Rundt bålet vart historiar delt med kvarandre og stemninga var god. Vi kjende det var godt å komme seg ut i våren!

Takk for ein fin tur!

Vi planlegg ein ny tur til hausten.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"