Sterke historier og varm takk

Blomvåg kyrkje var godt fylt opp då det vart invitert til fellesskapskveld 5. november. Kveldens gjest var forfattar og teolog Jostein Ørum, som delte sterke inntrykk og erfaringar frå Stefanusalliansen sitt arbeid i Egypt.

Publisert:

Sterke historier og varm takk

Innlegget gav eit viktig innblikk i livssituasjonen til forfølgde kristne og minna oss om kor viktig det er å halde fram merksemda rundt menneske som lever med avgrensa religionsfridom. Som støttekyrkjelyd for dette arbeidet opplevde mange foredraget som både lærerikt, utfordrande og inspirerande.

Kvelden gav òg høve til å takke av Janesh Amenya etter mange år med trufast teneste i kyrkjelyden. Han har både vore barne- og ungdomsarbeidar og kyrkegardsarbeidar i over 20 år.

Med song, konkurransar, god mat og varme ord vart det ei fin kveld. Det gode fellesskapet sette sitt preg på samlinga, og mange sette pris på høvet til både samtale, ny kunnskap og hyggeleg samvær på tvers av generasjonane.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"