Minnegudsteneste i Langevåg kyrkje 01.11.26 kl. 11.00

Minnegudstenesta er ei enkel gudsteneste utan dåp og nattverd. Gjennom ord og tonar vil vi gi rom for både dei gode minna og for sorga og saknet. Under gudstenesta les vi namna til dei som har gått bort siste året. Vi tenner eit felles lys og ber til slutt ei bøn.

Minnegudsteneste i Langevåg kyrkje 01.11.26 kl. 11.00

Gudstenesta er open for alle men vi ynskjer spesielt å invitere næraste familier til minnegudsteneste i Langevåg kyrkje søndag 01. november 2026 kl. 11.00.

Vi treng ikkje vite om de kjem eller ikkje. Dersom de ikkje ynskjer at namnet vert opplese i kyrkja denne dagen, må de gje melding om dette snarast. Kyrkjekontoret i Sula har kontortid frå tysdag - fredag kl.10.00 - 14.00, tlf. 70 19 96 00.
 
Tilbod om besøk
Dersom du ynskjer samtale med diakon eller prest, la ikkje vegen til telefonen vere for lang. Vi har vore i kontakt med ein del av dykk etter dødsfallet, men kanskje er det fleire som ynskjer samtale eller tilbod i sorggruppe.
 Eit alternativ til eit gruppe tilbod vil vere individuelle samtalar med prest eller diakon. Ta kontakt med kyrkjekontoret/diakon ved behov.

De kan få informasjon om dei ulike tilboda ved å ta kontakt med diakon Ingvild Snipsøyr på telefon 957 12 297.
 
Dei fleste veit at sorg og sakn ikkje er slutt etter nokre månader. De som har mist dykkar nære, har betre enn andre oppdaga dette. Mange er takksame for omsorg og støtte dei får i ei sorggruppe. Når andre som ikkje har eit så nært tilhøve til avdøde har ”sørga frå seg”, kan samtale med nokon som er i ein liknande situasjon vere godt.
 
Vi ynskjer vel møtt til minnegudsteneste.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"